
Barne- og ungdomsklinikken i Stavanger har frå februar -26 ledig eit eittårig LIS 2/3-vikariat.
Kven er vi?
Vi behandlar born i alle aldersgrupper, 0-18 år. Avdelinga er inndelt i nyføddintensiv, sengepost for born og unge, og poliklinikk. Nyføddintensiv behandlar alle typar perinatale tilstandar og tar imot premature frå 23 vekers gestasjonsalder. For dei talinteresserte: Barnepopulasjonen er på ca 86.000 born, SUS har ca 4500 fødslar/år, BUK har ca 2500 innleggingar/år og poliklinikken har ca 18000 konsultasjonar/år. Vi har 42,5 legestillingar korav 14 LIS, og to av LIS-stillingane er 50% stipendiatstilling.
Vi underviser medisinstudentar og vi har regelmessig hospitantar. Mange av legane jobbar med forsking, hovudsakleg innan lunge/allergi, nyføddmedisin, infeksjonsmedisin og endokrinologi.
Legane er fordelt i faggrupper med fagansvarlege overlegar i alle pediatriske fagfelt. Vi har ein utdanningsansvarleg overlege, eit CL-team med psykologar og eit tverrfagleg barnepalliativt team. Avdelinga har fokus på høg fagleg kvalitet og eit godt arbeidsmiljø.
Kva tilbyr vi?
Avdelinga vår tilbyr fullt utdanningsløp i pediatri. Det er også god moglegheit til å delta i forskingsprosjekt. Hos oss møter du eit stort spenn av ulike tilstandar og diagnosar, og mange engasjerte kolleger å diskutera med, både LIS og overlegar.
I arbeidsplanen får du faste fordjupingsdagar (6 dagar per 12 veker) og fri kvar 12. veke. Friveka kan evt. delast opp og fordelast jamnt utover i turnusen om ein ønsker det. "Standard" arbeidsplan inneber mellom 1 og 2 timar per veke med UTA, som kan reduserast etter ønske.
Vi har eit svært triveleg og trygt arbeidsmiljø både blant LIS og i heile legegruppa. Vår utdanningsansvarlege overlege engasjerer seg stort både i LIS-ane si utdanning og generelle velvære, og alle nye LIS får fadder, veileder og grundig opplæring før ein går sjølvstendig vakt. LIS-ane får regelmessig veiledning både individuelt og i gruppe. Alle legane deltar i å ha interundervisning etter tur.
Stavanger er ein hyggeleg by med alt ein kan ønska seg av uteliv, kultur, god mat og shopping, og der er mange flotte friluftsområde i og like utanfor byen, anten ein likar seg i vatnet, på stranda eller på fjellet.
Praktiske forhold:
Pga. permisjon er det ledig eit vikariat på 12 mndr som LIS 2/3, med ordinær vaktdeltaking. Det vil vera moglegheit for forlenging.
Den som får tilbod om tilsetjing må legga fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a.
Ein bed om at det blir oppført om ein følger ny eller gammal utdanningsordning for legar. Dersom ein har teljande teneste frå før, er det ønskeleg at ein oppgjev kor lang tid ein har att til spesialitet.
Ta kontakt med avdelingsoverlege om du har spørsmål!
Attester, vitnemål og eventuell annen relevant dokumentasjon må vedleggast søknaden.
Vi oppfordrer alle søkere til å benytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning fra utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse.
Mangfoldserklæring
Foretaksgruppa i Helse Vest ønsker å gjenspegla mangfoldet i befolkninga i vår rekruttering. Vi oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søka ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og flerkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Foretaksgruppa Helse Vest ønsker å legga til rette for ei inkluderande rekruttering.