Eldorado for fritid - friluftsliv - idrett
På Bømlo kan du jakta, fiska, dykka, padla, klatra, bada og gå fine turar eller velje mellom eit mangfald av organiserte tilbod innan karate, hestesport, fotball, badminton, fridrett, turn, eller motorsport med meire. Vil du ha fred og ro er det lett å finna seg ein våg ingen andre veit om i den fantastiske skjærgården vår. Du har mange merka turløyper å velja mellom, og det karakteristiske fjellet vårt, Siggjo, blir besøkt av fjern og nær. Bømlo turlag stimulerer til mykje aktivitet med ei lang rekkje arrangement og turmarsjar, også i barnas turlag, friluftsliv for alle og ei eiga dugnadsgruppe.
Den topp moderne
Bømlo symjehall opna i 2018 med 25 meters konkurransebasseng og oppvarma treningsbasseng, stupetårn på 5 og 3 meter samt hinderløype. Sentralidrettsanlegget med Bømlohallen tilbyr flotte arenaer både inne og ute for fotball, stor hall med klatrevegg, innandørs skytebane og moderne spinningrom. Våre andre lokalsentra har også gode idrettsanlegg og innandørshallar der idrettslaga driv mange ulike tilbod for alle aldersgrupper heile året.
Driftige folk
Bømlo har eit innovativt næringsliv kjenneteikna av skapar- og berekraft – heilt frå den første industriarbeidsplassen på Hespriholmen for 10.000 år sidan. Med sjø på alle kantar er mykje av industrien vår knytt opp mot fiske, oppdrett og sjøfart. Kopla mot den sterke gründertradisjonen og gjennomføringsviljen har det utvikla seg høgteknologiske miljø og mekanisk industri retta mot skipsfart, rederiverksemd knytt til fiske, frakt og offshoreindustri samt ei ekspansiv havbruksnæring.
Kombinasjonen av ei rekke verksemder innan maritim industri, bygg & anlegg, handel og service gjer arbeidsplassane robuste i skiftande konjunkturar og marknader.
Kommunen legg til rette for næringslivet og aktørar som vil satsa her, ikkje minst med storstilt satsing på veg og infrastruktur. Å styrka samarbeidet skule - næringsliv og utvikla samspelet mellom kultur og næringsverksemd er ei viktig oppgåve for kommunen. Kulturlivet i Bømlo er usedvanleg rikt, og gjev oss som bur her store opplevingar både som publikum og utøvarar.
Sagaøya Bømlo
På Bømlo fann steinalderfolket ideelle steintypar til økser og pilspissar, og vart dermed råstoffsenteret på Sørvestlandet gjennom heile 6 000 år. På Moster vart Håkon den Gode unnfanga av Tora Mostrastong og Harald Hårfagre tidleg på 900-talet, og vart kongen som innførte leidang og skipreider i Noreg. Snorre Sturlason fortel om Olav Tryggvason som først kom i land her på sin retur frå eksil i 995, og at helgenkongen Olav Haraldsson heldt den første Kristenretten her i 1024. Dette er høge milepælar i norsk historie, og Mostrakyrkja står att som eit mest 1000-årig monument over sagatida.
I denne kulturen lever me gode liv på Bømlo i dag, prega av innovasjon, sjølvstende og kulturell identitet. Me ynskjer å utvikle, og ta vare på, øysamfunnet og historia vår til det beste for unge og gamle. Her er ei rekke små og mellomstore bedrifter basert på eigne oppfinningar, men óg store industrilokomotiv og rederi som viser veg med teknologiske nyvinningar. Her finn du spennande arbeid i industri, nye skular og kultur, og eit usedvanleg breidt utval av fritidsaktivitetar for heile familien.
Sjå flotte bilete og lær meir