Årdal kommune
Årdal ligg der Sognefjorden kryp på land, ved inngangen til Utladalen og Jotunheimen. Kommunen har svært gode vilkår for friluftsliv og gode offentlege tilbod som mellom anna vidaregåande skule, kulturskule, full barnehagedekning, idrettshallar, treningssenter, kunstgrasbaner, friluftsbad og moderne kino. 

• Årdal kommune skal vera ein god kommune å bu, leva og arbeida i.
• Omlag 5.200 innbyggjarar fordelt på Øvre Årdal og Årdalstangen.
• Stor arbeidsplass med omlag 550 tilsette fordelt på 460 årsverk.

Årdal kommune har eiga bedriftshytte for tilsette og kan yte lån og tilskot til tilsette som skaffar seg eige husvære i kommunen.
(Foto: Årdal kommune)
Legekontoret i Årdal kommune
Bli kjent med Årdal
Årdal kommune satsar – bli med og sats med oss!

Du treng ikkje å velja!

Eg arbeider for å leva – ikkje omvendt. Eg praktiserer i lag med gode og dyktige kollegaer som har store variasjon i arbeidsoppgåvene.
Å vera ein del av denne fellesskapen gjev inspirasjon til fagleg utvikling.

Ja, det kan vera travelt somme tider, men eg har sansen for det òg – samstundes som det er rom fom for å ta livet heilt med ro og bruka tid med familien ute i naturen.

Der arbeidsdagen gjev meg motivasjon, tyder fritid rekreasjon.
Å kunne spenna på seg ski og bestiga eit fjell rett etter jobb, det er verkeleg ein herleg kontrastfylt kvardag. Eg er glad for at ikkje treng å velja. Eg har jo alt.


Dr Bjarte Hove, fastlege i Årdal sidan 2007
(Foto: Årdal kommune)
10 gode grunnar til å flytte til Årdal
(Foto: Shutterstock)

Spesialiteter
  • Allmennmedisin
  • Samfunnsmedisin
  • Forskjellige stillinger
Arbeidssted
Hoved arbeidssted
Postboks 40
6881 ÅRDALSTANGEN
Se kart