Helse Fonna søkjer dyktige LIS1-vikarar til sjukehusa i Haugesund, Stord og Odda i ferieperioden 2027 (veke 25–33).
I søknaden ber vi deg opplyse om kva sjukehus du ønskjer å prioritere. Du kan også oppgi kva klinikk og/eller avdeling du helst vil arbeide ved.
Dersom du ikkje har høve til å arbeide heile perioden, ber vi deg oppgi kva tidsrom du kan arbeide. Vi vil prioritere søkjarar som kan arbeide i minst seks veker.
Velkomen som søkjar!
Arbeidsoppgåver
- Tenesteplikt og ansvar som for LIS1, inkludert vaktteneste.
Kvalifikasjonar
- Det er eit krav at du kan framlegge norsk lisens som medisinerstudent eller som LIS1 innan oppstart, evt. norsk autorisasjon som lege.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- har eit sterkt pasientfokus
- tek ansvar og arbeider sjølvstendig
- arbeider nøyaktig og strukturert
- kommuniserer tydeleg og godt med pasientar og kollegaer
Vi tilbyr
- Introduksjon og opplæring.
- Triveleg arbeidsmiljø.
- Høgt fagleg nivå.