
Vi ser etter den rette kandidaten til spennande stilling ved Øyane DPS
Det er no ledig stilling som overlege ved vår allmennpsykiatriske poliklinikk. Oppstart etter avtale.
Ønsker du varierte arbeidsoppgåver på ein fagleg utfordrande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø? Vi har spennande moglegheiter i vår allmennpsykiatriske poliklinikk.
Vi har fokus på god samhandling, fagleg utvikling og å tilby god tilpassa behandling til våre pasientar.
Øyane DPS består av:
Klinikken har sektoransvar for Askøy og Øygarden med om lag 52 000 innbyggjarar over 18 år. Kommunane er i rask vekst og vi har god kontakt med primærhelsetenesta og det er fleire samhandlingsprosjekt under arbeid.
Vi legg stor vekt på overlegane sine eigne ønsker og vi er både lydhøyr og fleksibel, og tilbyr konkurransedyktige vilkår.
Vi ønskjer å vere førande i å prioritere fagutvikling gjennom kurs, konferansar og høve til fordjuping og vidareutdanning. Vi legg stor vekt på overlegen sine eigne ønskjer og moglege rammer. Vi anser det som viktig å vere både lydhøyr og fleksibel. Forsking knytt til stillinga kan bli tilrettelagd.
Alle legane møtast ein time kvar veke til faglunsj. Arbeidsmiljøet i legegruppa og i seksjonane er gode og det er kort veg til både linjeleiar og klinikkdirektør.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.