
Vil du spesialisere deg i indremedisin og få brei klinisk erfaring, med tett oppfølging frå erfarne overlegar? Ved Medisinsk avdeling på Stord sjukehus utvidar vi frå ni til ti LIS2/3-stillingar. Stillinga er ledig frå 1. mars 2027.
Vi har ei todeling av vaktdøgnet som gjer at du slepp å arbeide heile døgnvakter. Vi legg godt til rette for at du skal kunne gjennomføre alle anbefalte kurs for di spesialisering innan normert tid. Faste fordjupingsdagar er integrert i den rullerande vaktplanen.
Som LIS 2/3 hos oss deltek du i vaktarbeid på akuttmottaket, i arbeid på sengepost og ved poliklinikk. Du får høve til å ta mykje ansvar, samtidig som du får tett oppfølging av våre erfarne overlegar innan indremedisin, lungemedisin, gastroenterologi, nefrologi og kardiologi.
Hos oss får du oppfylt mange av læringsmåla innan indremedisin, lunge, nyre, gastro og kardiologi. Vi samarbeider med Helse Bergen, der du kan fullføre spesialiseringa di. Dersom du ønsker det, kan vi også leggje til rette for at du fullfører spesialiseringa ved eit anna sjukehus.
Hos oss er det viktig at du
Vi legg vekt på personlege eigenskapar.
Hos oss blir du ein del av eit breitt indremedisinsk fagmiljø der det er kort veg til støtte, rettleiing og faglege diskusjonar. Du får høve til å utvikle deg, ta ansvar og opparbeide deg brei klinisk erfaring, samtidig som erfarne overlegar følgjer deg tett.
Vi legg til rette for ein arbeidskvardag med gode rammer for fagleg utvikling.
Hos oss får du:
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.