
Kvinneklinikken ved Førde sentralsjukehus har ledig årsvikariat for overlege frå 01.01.2027. Oppstart etter avtale.
Om avdelinga
Vi har ei fødeavdeling med om lag 850 fødslar årleg, og høg aktivitet på gynekologisk poliklinikk, fødepoliklinikk og operasjon. Behandling av gynekologisk kreft skjer i samarbeid med Haukeland universitetssjukehus.
Ved lokalsjukehusa på Nordfjordeid og Lærdal tilbyr vi barsel- og polikliniske tenester gjennom God Start-einingane.
Hos oss får du gode moglegheiter til å drive med breidde innan faget. Vi har 2,5 operasjonsdagar per veke og arbeider med å utvide det operative tilbodet i poliklinikken vår. Vi har eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø og samarbeider tett med sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, sekretærar, jordmødre, uroterapeut og sexolog.
Arbeidstid og vakter
Det er tilstadevakt både for LIS-lege og overlege. Vaktordninga for overlegane er fordelt på ni overlegar og blir planlagt gjennom kalenderplan.
Om arbeidsstaden
Førde er administrasjonssenteret i Sunnfjord kommune og er den største byen i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Her finn du eit variert tilbod innan kultur, friluftsliv og fritidsaktivitetar. Sjå gjerne kva Sunnfjord kommune har å tilby.
Vi håpar du vil søkje og bli ein del av vårt fagmiljø!
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.