
Kirurgisk avdeling ved Stord sjukehus er ein del av Helse Fonna, ein sentral del av spesialisthelsetenesta i Sunnhordland og gir tilbod innan ortopedi, generell kirurgi og gastrokirurgi. Lokalsjukehuset har eit aktivt og engasjert fagmiljø der samarbeid på tvers av faggrupper står sentralt.
Den ortopediske seksjonen behandlar både akutte og elektive pasientar og har eit breitt behandlingstilbod innan frakturkirurgi, protesekirurgi, handkirurgi, artroskopisk kirurgi og poliklinisk verksemd. Seksjonen har òg ei viktig rolle innan diagnostikk, behandling og oppfølging av pasientar med samansette sårproblem, i tett samarbeid med primærhelsetenesta og andre fagmiljø i sjukehuset.
Stord sjukehus er kjenneteikna av korte beslutningsvegar, godt kollegialt samarbeid og høg grad av sjølvstende. Som overlege hos oss får du ein variert arbeidskvardag med nær kontakt med pasientane og gode moglegheiter til å påverke både fagleg utvikling, organisering av tenesta og utdanning av LIS-legar.
Vi arbeider kontinuerleg med kvalitetsforbetring, pasienttryggleik og utvikling av framtidas ortopediteneste. For den rette kandidaten vil det vere gode moglegheiter til å bidra i vidareutvikling av både proteseverksemd, sårbehandling og andre fagområde innan ortopedi.
Ein deltek i ortopedisk vaktteneste, for tida 4-delt bakvakt.
Må-krav:
Ønskjelege kvalifikasjonar:
Vi legg vekt på at du
Stord sjukehus – tett på pasienten, tett på naturen og tett på kollegaene. Som overlege ved ortopedisk seksjon får du høve til å kombinere eit spennande fagleg arbeid med gode moglegheiter for friluftsliv og familieliv i Sunnhordland.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.