
Ønskjer du å arbeide innan eit spennande fagfelt i rask utvikling?
Mikrobiologisk avdeling ved Førde sentralsjukehus søkjer overlege til 100 % vikariat i perioden 21.12.2026-31.07.2027.
Mikrobiologisk avdeling er ei av 11 avdelingar i medisinsk klinikk og leverer laboratorietenester innan bakteriologi, serologi og molekylærbiologi til heile Sogn og Fjordane. Vi mottek, analyserer og gjev ut svar på prøver til avdelingar i Helse Førde, eksterne legekontor og kommunale institusjonar. Fag og teknologi utviklar seg raskt, spesielt innan molekylærbiologi. Her har fleire analysar vore etablert siste åra, og i 2025 vart laboratoriearealet til molekylærbiologi utvida.
Mikrobiologisk avdeling har fokus på kvalitet og er akkreditert etter standard for medisinske laboratorium NS-EN ISO 15189. Avdelinga har eit tverrfagleg miljø med 27 tilsette og det er tett samarbeid mellom legar, bioingeniørar, molekylærbiologar, avdelingsingeniørar og sekretærar.
Vi har regionalt samarbeid med dei mikrobiologiske avdelingane ved sjukehusa i Stavanger, Haugesund og Bergen – som alle nyttar same laboratoriedatasystemet; Unilab700. Avdelinga er ein del av lokalt laboratorieprosjekt i Helse Førde, der ein jobbar med vidare modernisering innan bygg og instrumentpark.
Stillinga omfattar arbeidsoppgåver innan heile det mikrobiologiske fagfeltet og dagarbeid måndag til fredag 08:00 – 16:00. Overlegane deltek i vaktordning laurdagar og heilagdagar.
Viser elles til Helse Førde sine sider for meir informasjon om avdelinga: Mikrobiologisk avdeling - Helse Førde HF
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.