Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Vi søkjer deg som vil bli ein del av vårt team.

Sula kommune har ledig fastlegevikariat tilknytt kommunelegekontoret frå 01.02.2027 til 13.03.2028. Det er ein avtale med listetak på 600, men lista er ikkje full. Anna tidspkt for oppstart kan avtalast.

Ta gjerne kontakt om du ønskjer meir informasjon


Arbeidsoppgåver
  Klinisk praksis på eiga liste, og generell kollegeal fråværsdekning
 Offentlege legeoppgåver kan bli tilplikta, med inntil 7,5 time pr veke, etter nærare avtale med kollegar og kommunen.
 Deltaking i interkommunal legevakt på kveld, natt og helg lokalisert like ved Ålesund sjukehus, legane deltar i vaktordninga.
 Kommunen har organisert daglegevakt, vaktbelastninga blir fordelt på alle legane i kommunen

Kvalifikasjonar
 Søkjar må ha norsk autorisasjon
 LIS1, eller tilsvarande, må vere gjennomført og godkjent
 Andre relevante faglege kvalifikasjonar og relevant erfaring vil bli vurdert, sett i lys av å utfylle den totale kompetansen blant fastlegane.
 Fagleg oppdatert på relevant kunnskap
 Må beherske norsk språk godt, både munnleg og skriftlig
 Må ha sertifikat klasse B og kunne disponere bil
 Politiattest

Personlege eigenskapar
 Du er god på kommunikasjon, samarbeid og skapar gode relasjonar til pasientar og kollegaer 
 Du er fleksibel, engasjert og motivert for jobben
 Du har evne til å jobbe i eit hektisk miljø, der ingen veit kva dagen bringer
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar og gode samarbeidsevne.

Vi tilbyr
 Kommunen er registrert utdanningsverksemd for ALIS
 Kommunen vil legge til rette for spesialisering i allmennmedisin, LIS3
 Rettleiing og supervisjon frå erfarne fastlegar
 Legekontoret brukar KI generert taleverkty til journalføring.
 Heimekontorordning i samsvar med lokal avtale
 Godt samarbeid mellom fastlegane og administrasjonen i kommunen.
 Å få arbeide i eit velutstyrt og triveleg arbeidsfellesskap med godt kvalifiserte medarbeidarar som har fokus på tenesteutvikling
 Godt tverrfaglig samarbeid med dei andre tenestene i kommunen.
 Gratis parkering
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege
Arbeidsgiver
Sula kommune
Kontaktpersoner
Navn: Grethe Elise Gjørvad Øen
Tittel: Leiar Helsetenesta
Telefon: 93821014
E-post: grethe.elise.gjorvad.oen@sula.kommune.no
Navn: Øystein Mjelde Aasen
Tittel: Fastlege og HTV DNLF
Telefon: 70 19 91 60
E-post: Oystein.Mjelde.Aasen@sula.kommune.no
Navn: Rim Hammer
Tittel: Fastlege
Telefon: 70 19 91 60
E-post: rim.hammer@sula.kommune.no
Hjemmeside
Søknad
Søknad merkes: Fastlegevikariat
Arbeidssted
Kommunelegekontoret.
Stadsnesvegen 9b
6030 LANGEVÅG
Søk på stillingen