Fastlege – Ågotnes legekontor
Øygarden kommune søkjer ein engasjert fastlege til fastlegeheimel ved Ågotnes legekontor. Vi ser etter deg som ønskjer ein variert arbeidskvardag i eit godt fagmiljø, med høve til både fagleg utvikling og stort sjølvstende.
Om legekontoret
Ågotnes legekontor ligg sentralt på Ågotnes . Ca 30 minutter kjøring frå Bergen sentrum Har moderne lokale, erfarne kollegaer og dyktige helsesekretærar. Kontoret har eit godt arbeidsmiljø og tett samarbeid med kommunen sine helse- og omsorgstenester. Ein nyttar Infodoc som journalsystem. Listesørrelse ca 1100 pasientar. ALIS avtale blir gitt til fastlegar under spesialisering. Praksiskompensasjon blir gitt inntil 5 dagar pr år til spesialister som resertifiserer seg i spesialiteten allmennmedisin.
Arbeidsoppgåver:
- Drift av fastlegeheimel som sjølvstendig næringsdrivande
- Allmennlegeoppgåver i tråd med fastlegeordninga
- Deltaking i legevakt etter gjeldande ordning. Pr tid treng ein ikkje å delta i legevaktarbeid,. Det er heller ikkje pr tid krav til anna kommunalt legearbeid.
- Samarbeid med kommunale helse- og omsorgstenester
Kvalifikasjonar :
- Norsk autorisasjon som lege og fullført LIS1
- Spesialist i allmennmedisin eller under spesialisering
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Kjennskap til norsk helsevesen og fastlegeordninga
Personlege eigenskapar :
Vi ser etter deg som er fagleg engasjert, arbeider sjølvstendig, har gode samarbeidsevner og bidreg positivt til arbeidsmiljøet. Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Vi tilbyr :
- Etablert fastlegeheimel ved Ågotnes legekontor
- Godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø
- Moderne lokale og erfarent hjelpepersonell
- Tilrettelegging for spesialisering i allmennmedisin
- Konkurransedyktige vilkår etter gjeldande avtaleverk
Oppstart: Etter avtale
Søknadsfrist: 22.11.2026
For nærare opplysningar om stillinga, ta kontakt med kommuneoverlege Stein-Inge Stigen,
stein.stigen@oygarden.kommune.no.
Tlf: 55097226