
Barne- og ungdomsklinikken (BUK) søker 1 overlege i 100 % fast stilling, og 1 overlege i ei 12 mnd midlertidig prosjektstilling ved seksjon for infeksjon, lunge, allergi og akuttmedisin. Prosjektstillingen varer i 12 månader som del av prosjektet "Fremskutt kompetanse i mottak".
Barne- og ungdomsklinikken (BUK) i Bergen er ein av Noregs største barne- og ungdomsavdelingar. Klinikken har 67 senger, ca. 4400
medisinske innleggingar og 30000 polikliniske konsultasjonar årleg. Klinikken
er organisert i 9 fagseksjonar inklusive barnekirurgi. God pasientbehandling,
opplæring, utdanning og forsking er prioriterte oppgåver ved klinikken. Barne-
og ungdomsklinikken har også ansvar for undersøkingar ved Barnehuset i Bergen
og tilsyn ved fødeavdelinga ved Voss sjukehus.
BUK sin aktivitet er samla i dei nye Glasblokkene, der også Fødeavdelinga og Klinikk Psykisk Helsevern for barn og unge er lokalisert. I Glasblokkene er det eit eige Mottak for Barn og Unge og ei pediatrisk røntgenavdeling. I Barne- og ungdomsklinikken blir det også løyst oppgåver
innan forsking, utdanning og opplæring av pasientar og pårørande.
Seksjonen for generell pediatri ivaretar akuttpediatri, infeksjonar, lungesjukdommar og allergi og har ansvar for Barne- og ungdomsmottak og Barneovervakning. Seksjonen har også stor poliklinisk aktivitet. Seksjonen har høg pasientflyt, særleg i vintersesongen. Opplæring av LIS legar er også viktig i seksjonen. For tida har vi 7 overlegar på seksjonen. Arbeidsmiljøet er energisk og sosialt.
Vi ønsker barnelegar med kompetanse innan akuttmedisin, infeksjon, lungemedisin og/eller allergi. Det er ein fordel med breidde i arbeidserfaringa, og ein må rekne med å dekke fleire en eitt felt i sitt arbeid. Vi ser spesifikt etter søkarar som ønsker å fordype seg i allergologi, lungemedisin og/eller akuttmedisin.
Eigenskapar vi ser spesielt etter er høg arbeidskapasitet, hjelpsomhet, fleksibilitet og evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert. Seksjonen har eit eige ansvar for opplæring av nye legar, og pedagogiske evner vil bli vektlagt. Det er forventa deltaking i ei av vaktordningane ved Barne- og ungdomsklinikken etter kompetanse og klinikkens behov.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.