Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Er du vår nye geriater?

Helse Fonna HF omfattar sjukehusa i Haugesund, Stord, Odda og Valen, samt fire distriktspsykiatriske senter (DPS). Med over 4 000 tilsette tilbyr vi spesialisthelsetenester til om lag 180 000 innbyggjarar i regionen. Våre tilsette er vår viktigaste ressurs, og vi arbeider målretta for å skape eit godt fagmiljø med høg kvalitet i pasientbehandlinga.

Vi har no ledig LIS 3-stilling i geriatri. Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø og får arbeide tett saman med ein erfaren geriater med brei kompetanse frå både sengepost og poliklinikk. Ved Haugesund sjukehus ønskjer vi å styrkje og vidareutvikle det geriatriske fagmiljøet. Du vil få ei sentral rolle i denne utviklinga og bidra til å forme framtidas tilbod til eldre pasientar.

Nevro-, slag- og geriatriavdelinga har seks senger dedikerte til geriatriske pasientar og ei geriatrisk poliklinikk. Vi samarbeider tett med alderspsykiatrien gjennom eit tverrfagleg behandlingstilbod, og vi arbeider med planar om å etablere eit ambulant geriatrisk team.

Som LIS-lege blir du ein del av utdanningsnettverket i Helse Vest. Eininga fekk fornya godkjenning som utdanningsinstitusjon for spesialisering i geriatri i 2023. Vi skal flytte inn i nye og moderne lokale i 2027 og blir ein del av Vestlandslegen-satsinga. Vi ønskjer også å leggje til rette for forsking og fagutvikling.

Vi ser etter deg som har eit heilskapleg perspektiv på pasientbehandling og som trivst med tett samarbeid på tvers av profesjonar. Du er fagleg nysgjerrig, utviklingsorientert og ønskjer å bidra til vidareutvikling av det geriatriske tilbodet.

Høres dette spennende ut? Da er du velkommen som søker.

Arbeidsoppgåver

  • Gjennomføre spesialistutdanning i tråd med gjeldande utdanningsplan.
  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar.
  • Tverrfagleg samarbeid.
  • Deltaking i forskning, kvalitetsarbeid og kliniske studiar.
  • Undervisning og rettleiing.

Kvalifikasjonar

  • Gjennomført og godkjent LIS 1-teneste
  • Relevant erfaring fra sjukehus.
  • Gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg, er avgjørende for forsvarleg pasientbehandling.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som

  • kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • viser fagleg integritet, tillit og respekt
  • har interesse for fagleg utvikling og kvalitetsforbetring
  • er positiv, fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • arbeider strukturert og målretta
  • bidreg til eit inkluderande og godt arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar blir lagt vekt på.

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer.
  • Tett samarbeid med erfarne fagpersonar.
  • Gode moglegheiter for forsking og fagutvikling.
  • Deltaking i kvalitetsarbeid og kliniske studiar.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Moglegheit til å kombinere ein spennande fagkarriere med ein attraktiv livsstil på Haugalandet.

 

Vi oppfordrar alle søkerar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning fra utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse.


Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktpersoner
Navn: Doreen Halleland
Tittel: Avdelingsleder
Telefon: 41692464
E-post: doreen.halleland@helse-fonna.no
Navn: Borghild Aakra
Tittel: Klinikkoverlege
Telefon: 52732096
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Eldremedisinsk poliklinikk geriatri, Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND