Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Er du vår nye overlege innan medisinsk mikrobiologi? No styrkar vi teamet vårt og auker opp til 3 overlegestillingar. Vi søkjer deg som har interesse for fagutvikling og teamarbeid. Legar under siste del av spesialisering er oppmoda til å vise interesse.

Medisinsk mikrobiologi er ein del av Avdeling for laboratoriemedisin i Helse Fonna. Medisinsk mikrobiologi flytta i 2021 inn i nye og moderne lokaler, og er ein triveleg arbeidsplass med eit godt arbeidsmiljø og totalt 14 tilsette i drift, samt 2 overlegar pr dags dato. Vi har tatt i bruk ny avansert teknologi med stor grad av automasjon og digitale løsninger, og er i stadig utvikling.

Haugesund er ein by du kan oppleve noko av det beste Noreg har å by på. Regionen strekk seg frå det opne havet i vest til fjord- og fjellandskapet i aust. Her finn du både fjord, foss, fjell, idyllisk øysamfunn og ei unik vikinghistorie.
Byen har eit rikt liv med fleire festivalar og moglegheit for aktiviteter som dykking, sandvolley og surfing.

Haugesund ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og det er god transport mellom byane.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre medisinskfaglege oppgåver innan medisinsk mikrobiologi
  • Arbeide med driftsoppgåver, hovudsakleg innan bakteriologi og molekylærbiologi
  • Delta i planlegging og gjennomføring av driftsoppgåver knytte til nye tenestetilbod, metodar og utstyr

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege og spesialistgodkjenning i medisinsk mikrobiologi innan dato for tiltreding
  • Søkjar må ha relevant sjukehuserfaring
  • Søkjar må beherske norsk eller skandinavisk, skriftleg og munnleg, på høgt nivå

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:  

  • bidreg til eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø
  • har god fagleg vurderingsevne og arbeider målretta og strukturert
  • er trygg i faglege vurderingar og møter andre med respekt
  • samarbeider godt med kollegaer og andre faggrupper
  • har god arbeidskapasitet og handterer periodar med høgt arbeidspress

Vi legg vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

  • Eit fagmiljø i utvikling og som blir satsa på i dei åra som kjem
  • Samarbeid med klinikarar og andre fagspesialistar
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktperson
Navn: Rita Danielsen Tyse
Tittel: Funksjonsleiar
Telefon: +47 53491094
E-post: rita.danielsen.tyse@helse-fonna.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinsk mikrobiologi - Haugesund sjukehus
Karmsundsgata 120
5528 HAUGESUND
Søk på stillingen