Vil du vere med på å forme kva tenester laboratoriet skal tilby i framtida? Ønsker du ein legejobb der du i stor grad styrer din eigen arbeidskvardag, med moglegheit for fordjuping i fleire medisinske problemstillingar? Som LIS hos oss får du ein unik moglegheit til å bidra til diagnostikk, forsking og utvikling innan eit fagfelt som stadig er i endring.
Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) tilbyr eit breitt spekter av diagnostiske tenester som dekker alle fagområda innan medisinsk biokjemi. Avdelinga driv og forskings-, utviklings- og formidlingsaktivitet knytt til fleire av fagområda.
Avdelinga har tre legegrupper: Hormonlaboratoriet si legegruppe, Seksjon for medisinsk biokjemi og Seksjon for klinisk farmakologi. Stillinga er knytt til Hormonlaboratoriet si legegruppe, som i dag har 2,6 overlegestillingar og tre LIS.
Totalt har avdelinga 350 tilsette, fordelt på legegruppene, 12 analytiske seksjonar, ei eiga kvalitetsgruppe, IT-gruppe og stabsfunksjonar. Som lege ved avdelinga vil du ha arbeidsstad i Laboratoriebygget ved Haukeland universitetssjukehus.
Er du nysgjerrig på spesialiteten medisinsk biokjemi? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat om vikariatet og moglegheitene hos oss!
Oppstart 01.01.27 eller etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Vaktordning på dagtid (8-16)
- Vurdering og kommentering av analysar
- Rådgiving og rettleiing til rekvirerande legar og andre
- Delta i arbeid knytta til metodeutvikling, referansegrenser, kvalitetsutvikling og etablering av nye analysar
- Gjennomføre oppgåver i samband med akkreditering og kvalitetssikring
- Moglegheit for fordjuping innan avdelinga si verksemd
- Bidra med undervisning av andre tilsette i avdelinga
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3 stilling i medisinsk biokjemi.
- Lege utan LIS1 kan og søke og bli vurdert for vikariat dersom det ikkje er kvalifiserte søkarar
- Teneste ved sjukehuslaboratorium kan bli vektlagd
- Klinisk teneste kan bli vektlagd
- Søkar må meistre norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg (Det blir kravd at ein kan dokumentere kunnskapar i norsk språk tilsvarande Bergenstesten B2)
- God skriftleg dokumentasjonsevne
- Søkar bør kunne utarbeide skriftleg informasjon på nynorsk
- Personlege eigenskapar blir vektlagd
Personlege eigenskapar
- Du har interesse og motivasjon for fagfeltet medisinsk biokjemi
- Du har interesse og motivasjon for forskning
- Du tar initiativ til forbetring/utvikling i avdelinga
- Du har god fagleg vurderingsevne og arbeider strukturert og målretta
- Du kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor kollegaer og samarbeidspartnarar
- Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper
- Du har oversikt over eigne oppgåver og klarer å prioritere mellom desse
- Du kan følge opp delegerte oppgåver
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst mellom Helse Bergen og Dnlf
- Spesialistutdanning i medisinsk biokjemi, inkludert sideutdanning dersom behov
- Fagleg utvikling og moglegheit for fagleg fordjuping innan særskilde fagområde i medisinsk biokjemi
- Gode moglegheiter for forsking innan vår forskingsverksemd
- Triveleg og tverrfagleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.