Vi søkjer lege i spesialisering (LIS3) ved psykiatrisk klinikk.
LIS3-stillinga er ledig for oppstart 01.03.2027, eller etter nærare avtale. Allmennlegar som treng sjukehusteneste som del av spesialiseringa, blir oppmoda til å søkje engasjement.
Psykiatrisk klinikk er eit distriktspsykiatrisk senter for kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn, og har i tillegg sentralsjukehusoppgåver innan akuttpsykiatri, vaksenhabilitering, lokal sikkerheitspost
og ambulant sikkerheitsteam.
Avdelinga har 18 faste legestillingar, LIS1 og
medisinstudentar vår og haust.
I mars 2021 flytta vi inn i moderne lokale ved sentralsjukehuset i Førde. Her er det fire sengepostar, poliklinikk og Førde BUP.
Med nærleik til Førde
sentralsjukehus, sengepost ungdom (UPH) og Førde BUP, vil det vere mogleg å få
all teneste som er nødvendig for å bli spesialist utan å flytte frå Førde. Avdelinga har fleire spennande prosjekt innan forsking og utvikling. NORSE tilbakemeldingssystem er utvikla ved vår avdeling.
Nyttig informasjon ved jobbsøknad til Psykiatrisk klinikk, Helse Førde HF
Arbeidsoppgåver
- Hovudoppgåva er å vurdere, diagnostisere og behandle tilviste pasientar
- Den som vert tilsett må ventast å ta del i utvikling av fagtilbodet ved avdelinga
- Delta i 9-delt vaktordning på Psykiatrisk klinikk sine einingar og sengepost for barn og ungdom (UPH)
- LIS3 får utarbeidd eigen utdanningsplan tidleg i utdanningsløpet i henhold til oppnåing av læringsmål knytt til spesialiseringsløpet i psykiatri
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Gode språkkunnskapar, både skriftlege og munnlege, er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
- Søkjar må ha førerkort i klasse B
- Søkjar utan godkjent LIS1 teneste, men med relevant praksis kan vurderast til engasjement
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Rekrutteringstilegg
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Full spesialisering i psykiatri i Førde
- God rettleiing og breitt fagmiljø
- Nytt og moderne bygg (2021)
- Aktiv forskings- og utviklingsverksemd
- Medverknad i prosjekt - blant anna utvikling av NORSE tilbakemeldingssystem
- Etter nærare avtale kan vi vere behjelpeleg med å skaffe bustad
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.