
Ønskjer du ei framtidsretta spesialisering der teknologi, persontilpassa medisin og kreftdiagnostikk møtest?
Ved Avdeling for patologi i Helse Førde får du arbeide i eit fagfelt i rask utvikling. Patologi er sentralt i diagnostikk av kreft og andre sjukdommar, og moderne patologiarbeid kombinerer medisinsk kunnskap med avansert teknologi, digital patologi og molekylære analysar.
Vår avdeling består av omlag 25 medarbeidarar, organisert med fagområde histologi, cytologi, molekylær patologi og diagnostikk. Vi har eit tett samarbeid med det kliniske miljøet der patologar er sentrale bidragsytarar i utgreiing og behandling av våre pasientar. Vårt miljø er langt framme innan digital patologi, der det meste av gransking vert utført digitalt. Vi arbeider også aktivt med implementering av nye metodar for persontilpassa medisin innan molekylærpatologi. Avdelinga deltek i ulike nasjonale og regionale prosjekt knytta til patologi og persontilpassa medisin.
Hos oss blir du del av eit inkluderande fagmiljø med tett oppfølging frå erfarne overlegar og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Vi tilbyr eit strukturert utdanningsløp med hovuddelen av spesialiseringa i Førde og tilleggsutdanning ved Haukeland universitetssjukehus. Arbeidstida er dagtid kl. 08.00-16.00, og ved behov kan fleksibel arbeidstid tilretteleggjast. Dette gir gode moglegheiter for balanse mellom jobb og fritid.
Førde sentralsjukehus er eit middels stort sjukehus med kliniske avdelingar for indremedisin, kirurgi, ortopedi, nevrologi, kreft, barn og ungdom, kvinneklinikk, øyre-nase-hals, intensiv og psykiatri.
Førde ligg sentralt i tidlegare Sogn og Fjordane, med god tilgang til flott vestlandsnatur. Her er gode moglegheiter for toppturar både sommar og vinter, og kort veg til kysten og båtliv. Førde er eit handelssentrum med eit rikt kulturtilbod som spenner frå kunst til konsertar. Les meir om livet i Sunnfjord kommune.
Vi ser etter deg som samarbeider godt med andre, er nysgjerrig, fagleg engasjert og ønskjer å bidra til presis diagnostikk og best mogleg behandling for pasientane.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.