
50 % avtaleheimel for godkjende spesialist i gynekologi er ledig frå 01.01.2027, eller etter avtale.
Sentrale moment i vurdering av søkjarane vil mellom anna vere:
- erfaring med å drive sjølvstendig næringsdrivande praksis
- erfaring og praksis, medrekna erfaring som spesialist
- eigenskapar for heimelen
- innretning av praksis
- samarbeid med andre
Det er ønskeleg at den framtidige avtalepraksisen blir etablert i lokala til sjukehuset i Lærdal, og at det blir inngått avtale om drift av praksisen med Helse Førde HF. Sjå meir her
Praksisen skal drivast i samsvar med den til kvar tid gjeldane rammeavtale mellom Helse Vest og Den norske legeforening.
Avtalespesialisten skal bidra til å oppfylle ”sørge for” -ansvaret til Helse Vest. Det inneber mellom anna at avtalespesialisten foretar undersøkingar, diagnostikk og behandling i medhald av regionale og nasjonale mål og prioriteringar og lovgiving, jf. punkt 4.1 i rammeavtalen.
Avtalespesialisten skal ta imot tilvisingar, medrekna øyeblikkelig hjelp, frå primærhelsetesta.
Avtalespesialisten skal også ha eit nært fagleg og forpliktande samarbeid med Helse Førde HF om oppgåvefordeling og for å sikre rett prioritering og gode pasientforløp. Det blir forventa at avtalespesialisten også tar imot pasientar som vert tilvist frå Helse Førde HF. Dette vil bli regulert nærare i den individuelle driftsavtalen. Avtalepraksisen skal i samarbeid med Helse Førde HF også innrettast i tråd med utviklinga i faget og korleis behovet i befolkninga utviklar seg.
Spørsmål om lokalisering i Lærdal sjukehus kan rettast til fagdirektør i Helse Førde, Asle Kjørlaug, tlf. 47 88 25 95.