
Vil du arbeide pasientnært med medikamentell kreftbehandling? Ved Haugesund sjukehus blir du del av eit fagmiljø som samarbeider på tvers av spesialitetar og med onkologar i Bergen og Stavanger.
Vi søkjer ein onkolog til ei fast stilling ved kreftpoliklinikken, og frå mai 2027 på den nye avdelinga for kreft-og blodsjukdommar på Haugesund sjukehus. Her arbeider tre onkologar og erfarne spesialsjukepleiarar. I fagmiljøet inngår òg ein LIS 3 i onkologi frå oktober 2026.
Du får i dag ei arbeidstid som i hovudsak er på dagtid, utan vakt. Ei vaktordning kan bli aktuell på sikt.
Vi behandlar særleg pasientar med gastrointestinal kreft, brystkreft og malignt melanom. Vi gir òg behandling ved andre kreftdiagnosar i samråd med onkologar ved Haukeland universitetssjukehus. Strålebehandling blir gitt i Stavanger eller Bergen.
Våren 2027 er det planlagt innflytting i nye lokale og oppretting av ei samla avdeling for kreft- og blodsjukdommar, med sengepost og poliklinikkar. Som onkolog får du ei sentral rolle i den vidare utviklinga av tilbodet.
Du kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer. Du trivst med å samarbeide på tvers av fag, deler kunnskap og bidreg til gode faglege vurderingar i fellesskap med andre. Du tek ansvar for eigne oppgåver og ønskjer å vere med på å utvikle tilbodet til pasientane.
Personleg eignaheit blir vektlagd.
Legg ved vitnemål, relevante attestar og dokumentasjon på norsk autorisasjon som lege og spesialistgodkjenning i onkologi dersom godkjenningane ligg føre når du søkjer. Du kan bruke Vitnemålsportalen der det er mogleg.