
Allmennpoliklinikk for vaksne ved Stord DPS/ BUP er delt opp i to behandlingsteam, med faste teammøte med fokus på gode kliniske drøftingar og vurderingar. Vi er eit av tre DPS i klinikk for psykisk helsevern, Helse Fonna HF. Opptaksområdet for vårt dekkjer dei fire kommunane Stord, Fitjar, Bømlo, og Tysnes.
Allmennpoliklinikken er organisert under felles leiing saman med døgnpost for vaksne, TSB, FACT og allmennpoliklinikk for barn og unge (BUP). Vi har eit godt og stabilt fagmiljø, med lokalt forankra helsepersonell, inkludert lege- og psykologspesialistar.
Vi har ledig vikariat som LIS 3 i allmennteamet ved poliklinikken.
Stord DPS har over tid hatt eit sterkt fokus på utvikling av behandlingstilbodet. Som ein del av dette har vi implementert ei rekkje spesialiserte gruppetilbud, mellom anna 4-dagars angstbehandling/OCD-team (klinikkovergripande). Hos oss søkjer vi heile tida å arbeida systematisk og langsiktig med pasientkvaliteten.
Vi har etablert lokalt kvalitetsregister som eit ledd i kvalitetsforbetring og å leggja til rette for klinikknær forsking.
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.