Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Søkjer du etter ei spennande utfordring?

Kirurgisk klinikk lyser ut 1 vikariat som overlege innan fødselshjelp og kvinnesjukdommar. Vikariatet har oppstart snarleg og går ut 31. august 2027. Stillinga er en rein dagtidstilling.

Ved avdelinga er det 12 overlegestillingar og 8 LIS-stillingar. Vi tek imot om lag 1 300 fødslar i året, hovudsakleg frå Haugesundsregionen, og følgjer òg opp risikofødslar frå Stord og Odda. Vi har eit sterkt fagmiljø innan gynekologi og fødselshjelp.

Fertilitetsavdelinga ved Helse Fonna er blant dei fremste i landet.

Arbeidsoppgåver

Klinisk arbeid på avdelingena sin poliklinikk, sengepost og operasjonsstue:

  • Gynekologisk avdeling
  • Føde/barsel avdeling
  • Poliklinikk
  • Mottak av pasientar som treng augeblikkeleg hjelp
  • Elektiv og akutt kirurgi
  • Deltaking i avdelingas undervisning
  • Rapportere og dokumentere i samsvar med gjeldande lov og prosedyre

Kvalifikasjonar

  • Ferdig spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdommar.
  • Gyldig norsk autorisasjon som lege.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • møter pasientar og pårørande med respekt og tryggleik
  • er sjølvstendig og nøyaktig
  • bidreg positivt til arbeidsmiljøet
  • trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team

Personlege eigenskapar blir vektlagde.

Vi tilbyr

  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktperson
Navn: Ingvild Svåsand
Tittel: Funksjonsleiar - legar
Telefon: +47 47758854
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Gynekologi leger Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Søk på stillingen