Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Medisinsk avdeling omfattar indremedisin med greinspesialistar i dei fleste fagområda samt nevrologi, rehabilitering og lærings- og meistringssenter. Avdelinga er godkjend som utdanningsavdeling for indremedisin, nyresjukdomar, kardiologi, lungesjukdommar, gastroenterologi, endokrinologi, hematologi og geriatri.

Gastroenterologi er organisert i avdeling for gastroenterologi og nefrologi. Avdelinga disponerer 10 sengeplassar, fordelt mellom gastroenterologiske og nefrologiske pasientar. I 2027 flyttar sengeposten inn i nytt sjukehusbygg, der gastroenterologi, nefrologi, endokrinologi og infeksjonsmedisin blir samla i ein ny og framtidsretta sengepost. I 2028 flyttar poliklinikken inn i nyrenoverte og utvida lokale, noko som vil gi både betre fasilitetar og auka kapasitet.

Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk gastroenterolog som ønskjer å bli ein del av teamet vårt. Stillinga omfattar arbeid både ved sengepost og gastroenterologisk poliklinikk, der ein utfører gastroskopi, koloskopi, pH-manometri, mage-tarm poliklinikk, hepatitt poliklinikk, IBD poliklinikk, endoskopisk ultralyd, ultralyd abdomen, kapselendoskopi m.m. I samarbeid med gastrokirurgisk avdeling blir det òg utført ERC, stentbehandling og fjerning av store polypper. 
Behovet for endoskopisk kompetanse er aukande, og stillinga gir gode moglegheiter for fagleg utvikling og spesialisering.

Du blir del av eit inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø med høg kompetanse, gode samarbeidsrelasjonar og fokus på kvalitet i pasientbehandlinga.

Arbeidsoppgåver

  • Klinisk arbeid ved sengepost og gastroenterologisk poliklinikk.
  • Utredning, behandling og oppfølging av pasienter med gastroenterologiske sykdommer.
  • Deltakelse i endoskopisk virksomhet, inkludert både akutte og planlagte prosedyrer.
  • Bidra til fagutvikling og vidareutvikling av tilbodet i seksjonen.
  • Delta i vaktordninga til avdelinga etter behov.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege.
  • Godkjent spesialitet i indremedisin og/eller fordøyelsessykdommer, eller være i et relevant spesialiseringsløp.
  • Relevant erfaring frå sjukehus
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du bidreg positivt til eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø.
  • Du arbeider strukturert, målretta og sjølvstendig.
  • Du har gode samarbeidsevner og kommuniserer på ein tillitsvekkjande og respektfull måte.
  • Du er interessert i fagutvikling og ønskjer å bidra til vidare utvikling av fagmiljøet.

Vi tilbyr

  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.
  • Hjelp med bustad, arbeid til eventuell partnar og barnehage-/skuletilbod ved behov.
  • Moderne lokalar og avansert endoskopisk utstyr.
  • Spennande moglegheiter knytt til nytt sjukehusbygg og vidare utvikling av gastroenterologisk verksemd.

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktperson
Navn: Jeanette Pedersen
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: +47 4795868350
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinsk avdeling A, Helse Fonna HF
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Søk på stillingen