Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vil du vere med og vidareutvikle eit sterkt nevrologisk fagmiljø i vekst?
Ved Nevrologisk avdeling, Helse Fonna HF, har vi ledig fast 100 % stilling som overlege i nevrologi. Hos oss får du arbeide breitt innan nevrologifaget, i eit engasjert og kompetent fagmiljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling, forsking og subspesialisering.

Nevrologisk seksjon er ein del av Medisinsk klinikk ved Haugesund sjukehus. Seksjonen omfattar poliklinikk, nevrofysiologisk laboratorium og sengepost med både generell nevrologi og slagbehandling. Vi har for tida åtte overlegar og ni LIS-legar. I 2027 flyttar sengeposten inn i heilt nye og moderne lokale i toppetasjen av sjukehuset sitt nybygg.

Arbeidsoppgåver

Hos oss får du ein variert arbeidskvardag der du kombinerer klinisk arbeid på sengepost og poliklinikk med fagutvikling, undervisning og samarbeid på tvers av fagområde. Arbeidsoppgåvene blir tilpassa kompetanse og interesseområde, og vi legg til rette for vidare fagleg utvikling.

Du vil mellom anna

  • arbeide breitt innan generell nevrologi, både i poliklinikk og sengepost
  • bidra i diagnostikk og behandling av pasientar med akutte og kroniske nevrologiske sjukdomar
  • delta i slagbehandling og oppfølging av pasientar med cerebrovaskulær sjukdom
  • inngå i seksjonen si vaktordning
  • rettleie LIS-legar og medverke i undervisning
  • delta i fagutvikling, kvalitetsforbetring og forsking
  • vere med på å vidareutvikle eit sterkt nevrologisk fagmiljø i vekst
  • få moglegheit til arbeid innan klinisk nevrofysiologi dersom du har relevant kompetanse.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon og spesialistgodkjenning i nevrologi.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk er avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. 
  • Interesse for fagutvikling, kvalitetsarbeid og undervisning.
  • Erfaring frå nevrologisk poliklinikk, sengepost eller akuttmedisinsk arbeid er ein fordel.

Vi oppmodar også legar som er nær fullført spesialistutdanning til å søkje.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein overlege som

  • er fagleg engasjert og utviklingsorientert
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • tek ansvar og arbeider sjølvstendig
  • trivst i eit aktivt og tverrfagleg fagmiljø
  • bidreg til eit positivt arbeidsmiljø og gode pasientforløp

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Vi tilbyr

  • Ei spennande overlegestilling i eit aktivt og utviklingsorientert fagmiljø.
  • Brei klinisk erfaring innan generell nevrologi, slagbehandling og nevrofysiologi.
  • Moglegheit for fagleg fordjuping og subspesialisering innan eigne interesseområde.
  • Deltaking i forsking, kvalitetsarbeid og relevante kliniske studiar.
  • Tett samarbeid med erfarne kollegaer i eit sterkt fagmiljø.,
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass ved behov.
  • Gode moglegheiter for å kombinere ein spennande fagkarriere med ein attraktiv livsstil på Haugalandet.

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktperson
Navn: Eirik Haavik
Tittel: Avdelingsleiar
E-post: eirik.haavik@helse-fonna.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Nevrologisk avdeling, Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Søk på stillingen