
Har du lyst til å arbeide ved kanskje den mest trivelege indremedisinske avdelinga i Norge?
Vår ambisjon er å vere ein av dei beste indremedisinske seksjonane i landet, med særleg vekt på kvalitet, utdanning og eit godt arbeidsmiljø. I april 2025 flytta vi inn i eit splitter nytt sjukehusbygg på Hjelset, berre 15 minutt aust for Molde sentrum.
Medisinske legar består av om lag 60 legar og 17 LIS1-legar, og vi har spesialistar innan alle dei indremedisinske fagområda. Vi er godkjende utdanningsinstitusjon for indremedisin, hjartesjukdommar, lungesjukdommar, fordøyingssjukdommar, blodsjukdommar, infeksjonsmedisin, endokrinologi, geriatri og nyremedisin. Sengepostane er fagseksjonerte, og vi har òg ei eiga indremedisinsk seksjon for inneliggjande pasientar med nyremedisinske og endokrinologiske problemstillingar.
Hos oss er utdanning og opplæring av legar i spesialisering høgt prioritert. Etter introduksjonsperioden får du tett oppfølging av rettleiar, med rettleiingstid sett av i arbeidsplanen to gonger i månaden og halvårlege vurderingskollegium. Du får grundig opplæring i vaktarbeid, medisinsk mottaksteam og ultralyd for indremedisinarar. I tillegg får du ein kollegafadder som kan støtte og hjelpe deg den første tida.
Vi har halvårlege prosedyretreningveker og eit eige sertifiseringsprogram i ultralyd for indremedisinarar, omtala i Dagens Medisin. Alle LIS-legar hos oss får høve til å bli sertifiserte. Du får òg delta på kurs og konferansar som ein del av utdanninga. Hos oss er alle på laget viktige, og vi legg til rette for både fagleg og personleg utvikling slik at du kan gi best mogleg behandling til pasientane våre.
Arbeidsmiljøet vårt er noko vi er stolte av. Her finn du gode kollegaer, høg fagleg kompetanse og ein kultur prega av samarbeid, openheit og trivsel. Vi har kaffi i koppen, fredagsbingo, godt humør og låg terskel for å stikke innom kvarandre for ein fagleg prat eller ei hjelpande hand.
Vi har to vaktsjikt for LIS: LIS3 juniorsjikt (13-delt) og LIS3 seniorsjikt (10-delt). For å kvalifisere til seniorsjiktet blir det gjort ei heilskapleg vurdering i vurderingskollegiet. Det blir mellom anna lagt vekt på minst to års ansiennitet, erfaring frå intensivavdeling eller overvaking og kompetanse i ultralyd for indremedisinarar. Overlege er til stades på sjukehuset fram til klokka 21 kvar dag, og vi har anestesilege, kirurg, ortoped, nevrolog og radiolog tilgjengelege på sjukehuset heile døgnet. Her er miljøet lite nok til at alle kjenner alle, men stort nok til at du aldri står åleine eller må bere meir ansvar enn det som er forsvarleg.
Vi søkjer no etter ein ny LIS3 innan fordøyingssjukdommar. Er du interessert i gastroenterologi, er vi interesserte i deg!
Vil du lære indremedisin i eit fantastisk arbeidsmiljø, omgitt av nokre av dei flottaste fjella i Norge? Då håpar vi du sender oss ein søknad.
Vi ønskjer oppstart i stillinga 1.11.2026. Anna oppstartstidspunkt kan avtalast nærare med leiar for aktuell søkjar.
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.