Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Giske kommune søkjer kommunal lege i fast stilling.

Vi tilbyr ei spennande og variert stilling med moglegheit til å kombinere arbeid som tilsynslege ved sjukeheim med oppgåver ved helsestasjonen.

Stillinga kan tilpassast den som blir tilsett, både når det gjeld arbeidsoppgåver og stillingsstorleik. Vi ønskjer derfor søkjarar som kan vere interesserte i stillingsomfang frå 70 til 100 prosent.

Som kommunal lege vil du få ein sentral fagleg rolle i oppfølginga av eldre pasientar med samansette og komplekse helseutfordringar. Du vil samarbeide tett med sjukepleiarar, avdelingsleiarar, pårørande og andre helsefaglege samarbeidspartnarar, og vere med på å utvikle gode og framtidsretta tenester.

Arbeidsoppgåver

Vigra omsorgssenter

  • 24 sjukeheimsplassar
  • Tilsynslegefunksjon tilsvarande om lag 30 % stilling

Giske omsorgssenter, Valderøya

  • To langtidsavdelingar og ei korttidsavdeling
  • Totalt 30 sjukeheimsplassar
  • Tilsynslegefunksjon tilsvarande om lag 40 % stilling

Helsestasjon på Valderøya
Moglegheit for inntil 20 % stilling som helsestasjonslege

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege.
  • Relevant spesialistgodkjenning, helst innan allmennmedisin, geriatri eller annan relevant spesialitet. Kommunen kan også vurdere søkjarar som er i relevant spesialiseringsløp (LIS3).
  • Erfaring frå arbeid i sjukeheim, kommunale helse- og omsorgstenester eller geriatrisk verksemd er ønskeleg.
  • Kunnskap om behandling og oppfølging av skrøpelege eldre, demenssjukdom, multimorbiditet, legemiddelgjennomgang og palliasjon er ein fordel.
  • Kompetanseområde i alders- og sjukeheimsmedisin er ønskeleg, men ikkje eit krav.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
  • Førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar

  • Du har interesse for arbeid med eldre og personar med samansette medisinske behov.
  • Du er fagleg engasjert og oppteken av kvalitet i pasientbehandlinga.
  • Du arbeider sjølvstendig, strukturert og tek ansvar for eigne arbeidsoppgåver.
  • Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og trivst i tverrfagleg samarbeid.
  • Du er trygg i møte med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar.
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø gjennom openheit, respekt og godt humør.
  • Du er fleksibel og løysingsorientert i møte med nye utfordringar.
  • Du har evne og interesse for utviklings- og kvalitetsarbeid.

Vi tilbyr

Fast stilling i 70-100 % etter avtale. Løn etter avtale.

  • Stor grad av fleksibilitet ved samansetjing av stillinga.
  • Fagleg interessante arbeidsoppgåver innan alders- og sjukeheimsmedisin.
  • Moglegheit til å kombinere arbeid med eldre og førebyggjande helsearbeid for barn og unge.
  • Tett tverrfagleg samarbeid og kort veg til beslutningar.
  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving.
  • Tilrettelegging for samarbeid og fagleg fellesskap med fastlegane i kommunen.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Sykehjemslege
Arbeidsgiver
Giske kommune
Kontaktpersoner
Navn: Gretha Giske
Tittel: einingsleiar
Telefon: +47 97028234
Navn: Anne-Line Sommerdalen
Tittel: kommuneoverlege
Telefon: 93462221
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Barn, familie og helse, Giske kommune
Valderhaug 4
6050 Valderøya
Søk på stillingen