Vil du vere med og utvikle legetenesta i Haram kommune?
Haram kommune søker etter ein engasjert og fagleg sterk fastlege til 100% stilling med oppstart i oktober. I tillegg til fastlege, vil du for tida inngå ved helsestasjonen som helsestasjonslege/ skulehelseteneste/ helsestasjon for ungdom i om lag 20% tilplikting.
Listelengde blir avtalt mellom legen og kommunen, med utgangspunkt i tenesta sine behov og legen sin arbeidssituasjon. For ALIS-legar er utgangspunktet ei listelengde på om lag 800 pasientar, medan allmennlegespesialistar har ei listelengde på om lag 900–1000 pasientar. Er du ALIS vert du omfatta av eit opptrappingsforløp i høve listelengde i dialog med leiar.
Haram er ein kommune med gode oppvekstvilkår, høg barnehagedekning og eit rikt kultur- og friluftsliv. Brattvåg legekontor vert kommunalt drive og har erfarne tilsette som bidreg til eit godt arbeidsmiljø. Som ny fastlege kan du velje mellom ein gunstig 8.2-avtale med Haram kommune, der fastlegen er sjølvstendig næringsdrivande og betalar ei månadleg leige, eller fastløn med påskjønningsløysing. Haram kommune har tre legekontor: Brattvåg legekontor med seks fastlegestillingar og ein LIS1, Vatne legekontor med fire fastlegestillingar og ein LIS1, og Haramsøy legekontor med to fastlegestillingar og ein LIS1. Alle legane møtast kvar månad til allmennlegeutval og fagleg møte som gir smågruppe-poeng til vidareutdanning og etterutdanning.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune med?gode, heilskaplege tenester. Vi skal ha særleg fokus på å spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggarar og næringsliv.?Eit viktig mål for kommunen er å tilby god kvalitet og behandling til den enkelte innbyggar som søker tenester.