Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Nasjonalt senter for sjeldne diagnoser, enhet porfyrisykdommer (Napos) er eit nasjonalt fagmiljø med eit særleg ansvar for personar med porfyrisjukdomar. Som leiar får du overordna ansvar for eit sterkt og tverrfagleg miljø på om lag 12 årsverk, og høve til å vidareutvikle eit fagområde der kunnskap, forsking og godt samarbeid er avgjerande for gode tenester til pasientane. Hos oss møtast diagnostikk, behandling, pasientoppfølging, forsking, undervisning, kvalitetsarbeid og fagutvikling. Vi samarbeider tett med helsepersonell og fagmiljø over heile landet og deltek i nasjonale og internasjonale nettverk.

Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som ønskjer å leie eit kompetent og tverrfagleg miljø, og som motiverast av å kombinere fagleg utvikling, samarbeid og leiing. Du har evne til å skape engasjement, bygge tillit og oppnå gode resultat saman med andre.
Du kan ha bakgrunn som lege eller frå helse- og laboratoriefag. Du treng ikkje vere ekspert på porfyrisjukdomar for å søkje. Kjennskap til porfyrisjukdomar og/eller sjeldanfeltet er ein fordel, men vi er også interesserte i kandidatar med relevant fag- og leiarerfaring frå andre delar av helsetenesta.
Har du solid fagleg erfaring og ønskjer å ta steget inn i ei leiarrolle, oppmodar vi deg også til å søkje.

Litt om oss
Enhet porfyrisykdommer er del av Nasjonalt senter for sjeldne diagnosar, som ein av ni einingar. Senteret har kompetansebygging og kunnskapsspreiing som formål.      Eininga har som mål at personar med porfyrisjukdomar skal bli diagnostiserte, behandla og følgde opp på ein optimal måte og i samsvar med eigne behov. Breidda av symptom, komplikasjonar og følgetilstandar gjer at pasientane kan ha behov for oppfølging frå ulike medisinske spesialitetar gjennom livet.
Vi rettleier helsepersonell over heile landet innan utgreiing, behandling og oppfølging av personar med porfyrisjukdomar. Vi utarbeider og publiserer behandlings- og oppfølgingsretningslinjer, driv undervisning og har eit breitt spekter av læringsaktivitetar. Vi overvaker oppfølginga pasientar med porfyrisjukdom får, gjennom det nasjonale, medisinske kvalitetsregisteret Norsk porfyriregister. I tillegg driv vi utstrekt forsking og utvikling, er medlem i fleire europeiske ekspertnettverk og arbeidsgrupper og har eit stort internasjonalt nettverk.

Er du nysgjerrig på leiarrolla, men usikker på om du har den rette fagbakgrunnen? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat.

Arbeidsoppgåver

  • Overordna fagleg, administrativt inkludert budsjett og personalmessig ansvar for Nasjonalt senter for sjeldne diagnoser, enhet porfyrisykdommer
  • Ansvar for heilskapleg og strategisk utvikling av verksemda, i tråd med vedtekne mål og strategiar
  • Delta i leiargruppa for Nasjonalt senter for sjeldne diagnoser
  • Leie og vidareutvikle Norsk porfyriregister
  • Delta i og eventuelt leie tverrfaglege team ved enhet profyrisykdommer
  • Samarbeide med Seksjon for porfyrianalysar, seksjonsoverlege og legar ved MBF opp mot porfyridiagnostikk
  • Ansvarleg for å legge til rette for forskingsaktivitetar, utviklingsprosjekt og kliniske studiar
  • Avhengig av faglege kvalifikasjonar; bidra i klinisk verksemd retta mot helsepersonell og pasientar knytt til utgreiing, behandling og oppfølging av porfyrisjukdomar
  • Delta i nasjonale og internasjonale nettverk knytt til porfyrisjukdom og andre sjeldne diagnosar
  • Leiar rapporterer til avdelingssjef ved MBF

Kvalifikasjonar

  • Lege med norsk autorisasjon og relevant spesialistutdanning, alternativt mastergrad i helse- eller laboratoriefag. Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Forskingserfaring er ønskeleg
  • Relevant leiarerfaring kan vere ein fordel
  • Evne til å uttrykke seg klart skriftleg og munnleg på norsk og engelsk, samt ha god formidlingsevne
  • Personlege eigenskapar blir vektlagde

Personlege eigenskapar

  • God økonomi- og organisasjonsforståing
  • Ansvarsbevisst med evne til å arbeide strukturert, nøyaktig og målretta 
  • Å halde roa, oversikta og fokuset, sjølv når tempoet er høgt og mange fristar kjem samstundes
  • Å kunne arbeide med fleire parallelle oppgåver og fullføre dei til rett tid
  • Evne og vilje til å sette seg inn i nye saksområde
  • Evne til å motivere medarbeidarar og bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Trivst med å arbeide både sjølvstendig og tverrfagleg
  • Interesse for utvikling- og forbetringsarbeid

Vi tilbyr

  • Dagstilling
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå og spennande arbeidsoppgåver
  • Tverrfagleg samarbeid og engasjerte kollegaer
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksible arbeidsforhold

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Seksjonsleder
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktpersoner
Navn: Hege Hoff Skavøy
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: +47 93 04 01 04
E-post: hege.hoff.skavoy@helse-bergen.no
Navn: Kristin Holstad
Tittel: Seksjonsoverlege medisinsk biokjemi
Telefon: +47 55 97 32 38
E-post: kristin.holstad@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Laboratorieklinikken/ Nasjonalt senter for sjeldne diagnoser, enhet porfyrisykdommer, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillingen