Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vil du spesialisere deg i generell indremedisin? Vi har 2 ledige stillingar frå 1.mars 2027: éi fast stilling og eitt vikariat med mulighet for forlengelse. 

Ved Medisinsk avdeling på Stord sjukehus aukar vi frå ni til ti LIS 2/3-stillingar. Vi har ei todeling av vaktdøgnet som gjer at du slepp å arbeide heile døgnvakter. Vi legg godt til rette for at du skal kunne gjennomføre alle anbefalte kurs for di spesialisering innan normert tid. Faste fordjupingsdagar er integrert i den rullerande vaktplanen.

Som LIS 2/3 hos oss deltek du i vaktarbeid på akuttmottaket, i arbeid på sengepost og ved poliklinikk. Du får høve til å ta mykje ansvar, samtidig som du får tett oppfølging av våre erfarne overlegar innan indremedisin, lungemedisin, gastroenterologi, nefrologi og kardiologi.

Hos oss får du oppfylt mange av læringsmåla innan indremedisin, lunge, nyre, gastro og kardiologi. Vi har eit samarbeid med Helse Bergen som gjer det mogleg å fullføre spesialiseringa di der. Om ønskjeleg kan vi også leggje til rette for at du fullfører spesialiseringa ved eit anna sjukehus.

👉 Søk i dag – aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju fortløpande!

Arbeidsoppgåver

  • Følgje opp og behandle pasientar i samarbeid med eit tverrfagleg behandlingsteam.
  • Delta i utgreiing og behandling.
  • Arbeide i akuttmottak, på sengepost og ved poliklinikk.
  • Utføre journalføring og anna dokumentasjonsarbeid.
  • Samarbeide med andre faggrupper og avdelingar.
  • Delta i internundervisnings og fagleg utviklingsarbeid.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege.
  • Du må ha gjennomført og fått godkjent LIS1 innan startdatoen for å bli vurdert til stillinga.
  • Erfaring frå spesialisthelsetenesta er eit krav.
  • Du må ha gode grunnleggjande digitale ferdigheiter og evne til å setje deg inn i nye fagsystem og elektroniske pasientjournalar (EPJ).
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling.

Personlege eigenskapar blir vektlagd.

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du

  • kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • tek ansvar og spør om du lurar på noko
  • er fagleg engasjert og motivert for å lære
  • bidreg positivt til arbeidsmiljøet

Vi tilbyr

Hos oss blir du ein del av eit breitt indremedisinsk fagmiljø der det er kort veg til støtte, rettleiing og faglege diskusjonar. Du får høve til å utvikle deg, ta ansvar og opparbeide deg brei klinisk erfaring, samtidig som erfarne overlegar følgjer deg tett.

Vi legg til rette for ein arbeidskvardag med gode rammer for fagleg utvikling. Hos oss får du:

  • ei 10-delt vaktordning og todeling av vaktdøgnet
  • aktiv vakt på sjukehuset og erfarne overlegar i bakvakt
  • faste fordjupingsdagar i arbeidsplanen
  • regelmessig internundervisning
  • gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø
  • rekrutteringstillegg og gode pensjonsvilkår


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktpersoner
Navn: Kristine Aasheim Imsland
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: +47 90695531
Navn: Philipp Helmut Reichel
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: +47 41075030
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinsk avdeling, Stord sjukehus
Tysevegen 64
5416 Stord
Søk på stillingen