
Venter du på LIS1? Er du nysgjerrig på korleis det er å jobbe med barn, ungdom og familiar? Kva med ei stilling som "LIS0" ved BUP Haugesund? 🌻
Hos oss får du ein unik moglegheit til å bli kjend med faget før vidare spesialisering. Du får verdifull klinisk erfaring som kjem godt med, uavhengig av kva spesialitet du vel etter LIS1. Samtidig får du innsikt i eit spennande fagfelt der relasjonar, utvikling og tverrfagleg samarbeid står sentralt.
Vi gir spesialisthelsetenester til barn og unge frå 0 til 18 år og består av to poliklinikkar og ein døgnpost. Poliklinikkane dekkjer ti kommunar i regionen, medan døgnposten har heile Helse Fonna som opptaksområde. Døgnposten er delt inn i to fløyer: Post Nord for barn frå 6 til 13 år og Post Sør for ungdom frå 12 til 18 år. BUP Haugesund har akuttfunksjon og vaktteneste døgnet rundt med for- og bakvaktslegar. Les meir om oss her: Korleis jobbar BUP
📞 Ønskjer du meir informasjon? Vi svarar gjerne på telefon eller e-post. 👉 Søk no – vi ser fram til å høyre frå deg!
Hos oss er det viktig at du
Personlege eigenskapar blir vektlagd.
Hos oss blir du sett, støtta og gitt rom til å utvikle deg. Vi legg stor vekt på at du skal bli tatt godt vare på, både som fagperson og kollega. Du blir del av eit stort og mangfaldig fagmiljø med overleger, LIS-legar, pedagogar, psykologar, sjukepleiarar, sekretærar, erfaringskonsulent og fleire andre yrkesgrupper. Her får du tett oppfølging og brei erfaring frå eit fagfelt som kombinerer medisin, psykologi og familiearbeid.
Andre gode grunnar til å velje oss:
Malin, som er lege ved BUP Haugesund, fortel:
"Eg elskar jobben min! Det er fantastisk å jobbe med barn og ungdommar. Her er det rom for å leike, herje, tulle og tøyse, og samstundes vere profesjonell. Det skaper gode relasjonar, som er grunnlaget for å kunne gjere ein god jobb. Ein blir godt kjend med pasientane og familiane deira, og kjenner at ein gjer ein forskjell. Vi har eit arbeidsmiljø i særklasse som gjer at eg gler meg til å gå på jobb kvar einaste dag, og eg har overskot til familielivet når eg kjem heim. Eg hamna i BUP litt tilfeldig, men her har eg blitt verande, nettopp fordi det er verdas beste arbeidsplass!"
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.