Kort om arbeidsgiver
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.?Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Det er behov for vikar for ein fastlege som skal i permisjon ved Sandtangen legesenter på Bryne fra 19. oktober 2026 til ca. 9. august 2027.
Aktuelle kandidatar vert kontakta fortløpande.
Sandtangen legesenter er sentralt plassert i sentrum av Bryne, like ved togstasjonen.
Legesenteret består av 8 fastlegar, både spesialistar i allmennmedisin og legar under spesialisering.
Me har eit inkluderande arbeidsmiljø der trivsel i arbeidskvardagen står i fokus, anten det gjeld det faglege eller det sosiale. Legar i spesialisering får god rettleiing og supervisjon, med låg terskel for å drøfte ting i kollegiet.
Me har eit fantastisk hjelpepersonell som består av sjukepleiarar, bio-ingeniør og helsesekretær. Desse er svært veldrevne og sjølvstendige i sine arbeidsoppgåver.
Legekontoret er moderne utstyrt i flotte og sentrumsnære lokaler. Me har blant anna EKG, spirometri og ultralyd som brukast i den diagnostiske kvardagen.
Legesenteret har Webmed som journalsystem. Dette er eit svært godt journalsystem, som er enkelt å setta seg inn i. Det er kort vei til togstasjon.
Arbeidsoppgåver
- Følge opp pasienter på liste (1000 pasienter)
- Legevakt 36 delt i Klepp (kvled/helg) og ca. 60 delt i Hå (natt)
Kvalifikasjonar
- Gjennomført Lis 1 tjeneste
- Norsk autorisasjon og refusjonsrett
- Beherske norsk munnleg og skriftleg på minst nivå B2
- Godkjent politiattest
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar og legge ved ditt HPR nummer
Personlege eigenskapar
- Interessert i allmennmedisin
- Strukturert og sjølvstendig
- God på samhandling, samarbeid og kommunikasjon
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Leger som vil jobbe som næringsdrivende vil bli prioritert
Vi tilbyr
- Vikariat i fastlegestilling på et veldrevet og stort legekontor
- Eit godt fagleg arbeidsmiljø og kjekke kollegaer