
Vi har ledige stillingar for overlege innan barnesjukdomar med oppstart frå snarast!
Avdeling for barnemedisin og habilitering omfattar barne- og ungdomsavdelingane og barnehabiliteringstjenesta i føretaket. Ved SNR Hjelset er det sengepost, dagbehandling og poliklinikk og habiliteringsenhet for barn og ungdom i alderen 0-18år.
Avdeling for barnemedisin og habilitering har behov for å styrke bemanninga ved sjukehuset med en spesialistar innan pediatri, og vi søkjer derfor etter vaktkompetente spesialistar.
Barn flytta inn i det nye og morderne sjuhehuset i Nordmøre og Romsdal (SNR) 02.06.25. Det nye akuttsjukehuset er plassert på Hjelset i Molde kommune. Det er Felles fødeavdeling med ca 900 fødslar/år. I Kristiansund er det enkelte dagar tilbod til barn og ungdom med poliklinikk og dagbehandling.
Den som vert tilsett må rekne med fast arbeidsstad ved SNR, med moglegheit å arbeide enkelte dagar i Kristiansund. Du vil møte ein spennande arbeidsplass, med mykje aktivitet knytt til framtidsplanar og utvikling. Du vil blii inkludert i eit godt arbeidsmiljø!
Du vil vere omgitt av flott natur med mange turmål til fjells og langs kysten.Vi kan óg friste med eit rikt kulturliv!
Høyrest dette fristande ut? Ta kontakt – og velkomen som søkjar!
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp og lagt ved søknad og CV.
Drøymer du om å bo med kort avstand mellom hav, fjell og fjord med rikt høve til friluftsliv? Å ha tilgang på eit rikt og engasjert kulturmiljø i ein kystbyar med ambisjonar?
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her!