Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Om stillinga 
Vi har ledig  2 stillingar, 100%, som kommunalt løna fastlege ved Frekhaug legesenter i Alver kommune. Det vert no vurdert insentivmodell.

Ein stilling er ledig frå oktober 2026 og ein er ledig frå januar 2027.

Vi søkjer deg som enten er spesialist i allmennmedisin eller som ønskjer ALIS stilling. 

Om Frekhaug legesenter
På Frekhaug legesenter er det sju fastlegeheimlar med kommunalt tilsette legar og ein LIS1 lege. Vi bruker vi Infodoc plenario journalsystem i arbeidet. Kontoret er lokalisert på Frekhaug og godt innreia. Vi har parkering i gåavstand frå bygget.

Åpningstid og arbeidstid ved Frekhaug legesenter er kl 08:00 - 15:30. Individuelt tilrettelagt arbeidstid kan avtalast ved behov. 

På Frekhaug legesenter er det tilsett fagleg dyktig hjelpepersonell i form av både helsesekretærar og ein sjukepleiar. Den eine helsesekretæren fungerer som driftskoordinator på kontoret og har ansvar for daglege driftsoppgåver. 

Ein av fastlegane er fagkordinator. Det er fast møtetid for legane kvar fredag frå 0800-0930 for fagleg oppdatering, interne rutiner og kurs.
Alver kommune har organisert daglegevakt på Nordhordland legevakt (NHLV).

Alver kommune er godkjent utdanningsverksemd med avtale med spesialisthelsetenesta. For ALIS - lege vil det være veiledning under utdanningsforløpet.

Arbeidsoppgåver
  • Arbeid som fastlege
  • Listelengde på om lag 800 pasientar for Alis lege, høgare listelengde for spesialist.
  • Veiledning av LIS 1 legen rullerar mellom legane
  • Den som vert tilsett deltek i interkommunal legevakt (Nordhordland legevakt) på kveld, helg og natt. Offentleg allmennmedisinsk legearbeid eller daglegevakt på Nordhordland legevakt kan være aktuelt etter avtale i inntil 7,5 time pr veke.
Korleis er det å arbeide som kommunalt tilsett fastlege i Alver kommune?
Som kommunalt tilsett fastlege har du ei arbeidsveke på 37,5 timar.
Vi ønskjer at legane som er tilsett hos oss skal ha ein god balanse mellom arbeid og fritid, og at det skal vere enkelt å gå heim når arbeidsdagen er slutt.
Dersom du blir sjukemeldt eller har sjuke born, har du dei same rettane som andre tilsette i kommunen. Ved langvarig sjukefråvær er det vårt ansvar å skaffe vikar. Ved kortare fråvær nyttar vi kollegial fråværsdekning.

Administrasjon og drift
Vi tek ansvar for administrasjon av kontoret, inkludert hjelpepersonell og utstyr, slik at du kan fokusere på pasientarbeidet.

Kompetanse og kurs
ALIS-legar får lovpålagde og naudsynte kurs dekka gjennom ALIS-tilskot etter gjeldande regelverk.
  • Fastlegar som er spesialistar og treng kurs eller vidareutdanning for å kunne jobbe som fastlege, får dette dekka av arbeidsgivar, i kombinasjon med søknad om midlar frå Fond II i Legeforeningen.
  • Du får fri med lønn til lovpålagde og naudsynte kurs.
  • Du har også rettar etter permisjonsreglementet, på lik linje med andre tilsette i Alver kommune.
Legevakt
Du vil delta i interkommunal legevakt ved Nordhordland legevakt på kveld, helg og natt. I gjennomsnitt har du to vakter per månad, og du får betalt timesats for arbeidet der. Vi har tilsett eigne legar som går reine nattevakter ved Nordhordland legevakt, noko som reduserer vaktbelastninga på natt for deg.

Andre oppgåver
Dersom det blir aktuelt med allmennmedisinsk arbeid eller daglegevakt ein dag i veka, vil talet på pasientar på lista bli redusert i tråd med mindre arbeidstid som fastlege.

Kompetansekrav
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Fullført LIS 1 ved oppstart
  • Gode norsk kunnskapar både munnleg og skriftleg 
  • Vaktkompetent, eller vilje til å oppnå dette
Kven er du?
Vi søkjer ein lege som har gode samarbeidsevner og ein positiv innstilling. Du er løysingsorientert og kan handsame akutte situasjonar på ein god måte. Vi ser etter ein lege som kan samarbeide godt med pasientar i alle aldersgrupper. Du er motivert for å arbeid innan allmennmedisin, og ser for deg ein framtidig karriere innan dette fagfeltet. 

Ta gjerne kontakt
Høyres dette freistande ut, men du er framleis litt usikker på om du skal søkje? Då vil vi anbefale deg å ta kontakt med enten avdelingsleiar Bente Bø Taule, eller tenesteleiar Tord Moltumyr. Dei svarer deg gjerne på spørsmål som du har om korleis det er å arbeide ved Frekhaug legesenter!

Vi tilbyr
  • Spennande og variert arbeidskvardag
  • Løn følgjer lokal lønsmodell
  • Særavtale om insentivløn er under utarbeiding
  • Arbeidstid: 37,5 timers veke
  • God pensjonsordning som kommunalt tilsett
  • Rettar i permisjonsreglement, sjuke barn eller eige sjukefråvær på lik linje med andre tilsette i Alver kommune
  • Dekka kurs/ naudsynt vidareutdanning for stilling som fastlege. Fri med lønn.
  • Veiledning under ALIS forløpet
  • Godt fagmiljø i regi av einingsleiarsleiar/tenesteleiar for legetenesta.
  • Gratis parkering 


Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege
Arbeidsgiver
Alver kommune
Kontaktpersoner
Navn: Tord Moltumyr
Tittel: Tenesteleiar
Telefon: +47 95118589
E-post: tord.moltumyr@alver.kommune.no
Navn: Bente Karin Bø Taule
Tittel: Einingsleiar
Telefon: +47 47459725
E-post: bente.bo.taule@alver.kommune.no
Arbeidssted
Havnevegen 41 b,
5918 FREKHAUG
Søk på stillingen