Kort om arbeidsgiver
Øygarden kommune er ein framtidsretta kommune vest for Bergen med om lag 40 000 innbyggjarar. Kommunen tilbyr eit rikt kulturliv, vakker natur og gode moglegheiter for friluftsliv, samtidig som han ligg nær storbyen Bergen.
[oygarden.kommune.no]
Øygarden kommune søkjer ein engasjert og fagleg sterk sjukeheimslege i
80 % fast stilling. Vi ønskjer ein lege som vil vere med å sikre gode og heilskaplege helsetenester for eldre innbyggjarar, og som ser verdien av tett samarbeid med pasientar, pårørande og kollegaer.
Som sjukeheimslege får du ei sentral rolle i den medisinske oppfølginga av bebuarane og blir ein viktig del av eit tverrfagleg fagmiljø med fokus på kvalitet, pasienttryggleik og fagutvikling. Vi har eit team på 8 sjukeheimsleger som har eit godt samarbeid. Denne aktuelle stillinga er pr tid lokalisert til Sundheimen og Kvednatunet.
Arbeidsoppgåver:
- Utredning og behandling av akutte og kroniske sjukdomstilstandar.
- Legemiddelgjennomgangar og evaluering av behandlingsplanar.
- Tverrfagleg samarbeid med sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, fysioterapeutar, ergoterapeutar og andre faggrupper.
- Samarbeid med fastlegar, legevakt og spesialisthelsetenesta.
- Oppfølging og kommunikasjon med pårørande.
- Deltaking i kvalitets- og forbetringsarbeid.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege.
- Gjennomført LIS1 eller tilsvarande godkjend teneste.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Interesse for geriatri, allmennmedisin og/eller palliasjon.
- Erfaring frå kommunehelsetenesta eller sjukeheim er ønskjeleg.
Vi ser etter deg som:
- Har gode kliniske vurderingsevner og høg fagleg integritet.
- Samarbeider godt i tverrfaglege team.
- Er sjølvstendig, strukturert og løysingsorientert.
- Kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer.
- Har særleg interesse for eldreomsorg og heilskapleg pasientbehandling.
Personlege eigenskapar vil bli særskild vektlagt.
Vi tilbyr
- Ei spennande og meiningsfull legejobb i 80 % stilling.
- Høve til å følgje pasientane over tid og bidra til god livskvalitet.
- Eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
- Faglege utfordringar og moglegheiter for kompetanseutvikling.
- Løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Fleksibel arbeidstid innanfor gjeldande rammer.