
Ønskjer du å gjere ein forskjell i psykiatrien? Vi søkjer ein engasjert overlege i psykiatri til Psykosepoliklinikken/FACT ved Kronstad DPS.
Psykosepoliklinikken tilbyr eit veletablert, stort og fagleg sterkt arbeidsmiljø, og vi har no ledig 100 % fast stilling for overlege i psykiatri. Vi ser etter ein kollega som ønskjer å vere med på å vidareutvikle eit kunnskapsbasert og heilskapleg behandlingstilbod til menneske med psykoselidingar og samansette psykiske helseutfordringar.
Som ein del av vårt framoverlente og innovative fagmiljø arbeider vi etter FACT-modellen (Flexible Assertive Community Treatment). Gjennom kombinasjonen av poliklinisk og oppsøkande behandling tilbyr vi fleksibel oppfølging tilpassa den enkelte pasienten sine behov. FACT-teamet gir tettare og meir intensiv støtte i kritiske fasar, med mål om å førebyggje kriser, redusere behovet for innlegging og styrkje meistring og funksjon i kvardagen.
Psykosepoliklinikken tilbyr utgreiing, diagnostisering og behandling av personar med psykoselidingar og relaterte tilstandar. Nysykeutgreiing og diagnostisk avklaring er ein viktig del av verksemda vår, og vi legg stor vekt på grundige kliniske vurderingar og tidleg innsats. Behandlingstilbodet omfattar mellom anna individuelle samtalar, medikamentell behandling, gruppetilbod, oppsøkande oppfølging gjennom FACT og systematisk familie- og pårørandearbeid. Vi arbeider aktivt for å involvere nettverket rundt pasienten når dette er ønskjeleg og formålstenleg.
Vi er kjend for eit sterkt tverrfagleg samarbeid. Teamet vårt består av psykologspesialistar, psykiatrar, psykologar, sjukepleiarar, sosionomar, ergoterapeut, IPS-rettleiarar, brukarspesialist og merkantilt personell. Saman arbeider vi for å tilby heilskaplege, individuelt tilpassa og samanhengande pasientforløp.
Som overlege vil du ha ei sentral rolle i det kliniske arbeidet. Du vil bidra med spesialistkompetanse innan utgreiing, diagnostisering, behandling og oppfølging av pasientar med psykoseproblematikk, og vere ein viktig fagleg ressurs i teamet. Stillinga gir høve til å arbeide med eit breitt spekter av kliniske problemstillingar, delta i tverrfaglege drøftingar og bidra til vidare fagutvikling av behandlingstilbodet. Du vil også samarbeide tett med pasientar, pårørande og eksterne samarbeidspartnarar for å sikre best mogleg behandling og oppfølging.
Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer meir informasjon om stillinga eller miljøet vårt. Vi ser fram til å høyre frå deg.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.