Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Seksjon døgn ved Nordfjord psykiatrisenter har ledig 100 % vikariat for lege i spesialisering (LIS 2/3) frå 01.12.2026 til 31.08.2027.

Vil du arbeide tett med pasientar som opplever psykiske vanskar, og bidra til eit viktig behandlingstilbod i spesialisthelsetenesta?
Hos oss får du ein variert arbeidskvardag og gode moglegheiter for fagleg utvikling i eit tverrfagleg miljø.

Ved Nordfjord psykiatrisenter gir vi behandling til menneske i ulike fasar av livet. Seksjon døgn har 12 sengeplassar og om lag 30 tilsette.
Psykiatrisenteret har tre seksjonar med til saman om lag 75 årsverk. Du vil samarbeide med fleire faggrupper, mellom anna psykologar, overlegar, legar i spesialisering, sosionomar og miljøterapeutar.

Ønskjer du å vite meir om arbeidsplassen? Les meir om Nordfjord psykiatrisenter på heimesida vår:  Nordfjord psykiatrisenter

Arbeidsoppgåver

  • Vurdere, greie ut og diagnostisere pasientar med psykiske vanskar og/eller rusproblem
  • Vere kontaktlege for pasientar i døgnbehandling
  • Planlegge og gjennomføre behandling i samarbeid med pasient og tverrfagleg team
  • Samharbeide med pårørande og aktuelle samarbeidspartar
  • Delta i Nordfjord psykiatrisenter si vaktordning 
  • Deltaking i tilsynsordning ved Nordfjord sjukehus  

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege og fullført LIS1
  • Klinisk erfaring og/eller interesse for arbeid med psykiske lidingar og rusproblem
  • Førarkort klasse B
  • Gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg
  • Gode språkkunnskaper er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som

  • kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • tek ansvar og arbeider sjølvstendig i kliniske vurderingar
  • byggjer gode relasjonar og bidreg til eit trygt behandlingsmiljø
  • trivst med å samarbeide i tverrfaglege team
  • klarer å prioritere oppgåver i ein variert og til tider travel kvardag

Personleg eignaheit vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Løn etter gjeldande avtale, med rekrutteringstillegg
  • Tilrettelegging for gjennomføring av spesialisering (LIS-løp)
  • Fagleg utvikling gjennom rettleiing, kurs og internundervisning
  • Eit tverrfagleg miljø med engasjerte, dyktige og erfarne kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Hjelp til å skaffe bustad 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktpersoner
Navn: Mari Ann Jacobsen Bruvoll
Tittel: Teamleiar
Telefon: 57 86 43 37
Navn: Synnøve Merethe Johnsen
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 97 18 96 29
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Nordfjord psykiatrisenter
Sjukehusvegen 9
6770 NORDFJORDEID
Søk på stillingen