Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vil du arbeide med brei klinisk problematikk i eit stabilt og engasjert fagmiljø?

Stord DPS er eit av tre DPS i klinikk for psykisk helsevern, Helse Fonna HF. Opptaksområdet for DPS dekkjer dei fire kommunane Stord, Fitjar, Bømlo, og Tysnes. Allmennpoliklinikken er organisert under felles leiing saman med døgnpost for vaksne, TSB, FACT og allmennpoliklinikk for barn og unge (BUP). Vi har eit godt og stabilt fagmiljø, med lokalt forankra helsepersonell, inkludert lege- og psykologspesialistar.

Hos oss blir du ein del av TSB-teamet der vi gir tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Du blir samtidig ein del av legeteamet, inngår i vaktordninga for legane og får arbeide på tvers av døgnpost og poliklinikk.

Stord DPS har over tid hatt eit sterkt fokus på utvikling av behandlingstilbodet. Vi har etablert eit lokalt kvalitetsregister som del av arbeidet med kvalitetsforbetring og klinikknær forsking. Vi har òg implementert fleire spesialiserte gruppetilbod, mellom anna 4-dagars angstbehandling og OCD-team på tvers av klinikken.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:

  • utgreiing, diagnostikk og behandling av pasientar innan TSB
  • medisinskfagleg vurdering og oppfølging
  • samarbeid med pasientar, pårørande, fastlegar, kommunale tenester og andre delar av spesialisthelsetenesta
  • deltaking i tverrfaglege behandlingsmøte og teamarbeid
  • rettleiing og undervisning internt og eksternt
  • bidra i fagutvikling, kvalitetsarbeid og vidareutvikling av tenestene

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege.
  • Det er ein fordel om du har spesialistgodkjenning i rus- og avhengigheitsmedisin og/eller psykiatri, men legar utan spesialistgodkjenning kan òg søkje.
  • Relevant erfaring frå arbeid med rus, avhengigheit og psykisk helse vil være ein fordel.
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg 

 Det kan også vere aktuelt med søkjarar som er i spesialiseringsløp, dersom bakgrunn og erfaring er relevant for stillinga.

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • har engasjement for fagfeltet og for pasientar med rus- og avhengigheitsutfordringar
  • møter pasientar og samarbeidspartnarar med respekt, tryggleik og fagleg tyngd
  • bidreg aktivt i tverrfagleg samarbeid
  • formidlar kunnskap på ein klar og engasjerande måte
  • arbeider strukturert og tek sjølvstendige avgjerder
  • trivst med både klinisk arbeid, fagutvikling og rettleiing

Personlege eigenskapar blir vektlagde.

Vi tilbyr

Hos oss får du:

  • Eit sterkt tverrfagleg fagmiljø med engasjerte kollegaer.
  • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver.
  • Moglegheit til å bidra i utviklinga av TSB-tenestene våre.
  • Gode moglegheiter for kurs og fagleg utvikling.
  • Ein arbeidsplass med godt arbeidsmiljø og høg fagleg aktivitet 
  • Medlemskap i ei inkluderande arbeidslivsverksemd. 

Vi oppmodar alle søkjarar til å bruke Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktpersoner
Navn: Katrine Holgersen
Tittel: Avdelingsleiar
E-post: katrine.holgersen@helse-fonna.no
Navn: Ranveig Shevanti Hjelland
Tittel: Funksjonsleiar
Telefon: +47 53490836/99201891
E-post: ranveig.shevanti.hjelland@helse-fonna.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Stord DPS/BUP
Tysevegen 64
5416 Stord
Søk på stillingen