Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

20 % avtaleheimel for godkjend spesialist i augesjukdomar er ledig frå 01.01.2027, eller etter avtale. 

Overtakinga av eksisterande praksis vil skje i tråd med reglane om seniorpolitikk - avtalt mellom dei regionale helseføretaka og Den norske legeforening, jf. §12 i rammeavtalen. Det er eit formål med seniorordninga at junior skal overta heile praksisen når senior fråtrer, seinast januar 2031. 

Det er ein føresetnad at den som vert tildelt heimelen skal drive frå same lokalar og i nært samarbeid med noverande innehavar. Spesialisten som overtek skal avlaste spesialisten som trapper ned, og kan ikkje arbeide i praksisen ut over den avtalte arbeidstida. 

Sentrale moment i vurdering av søkjarane vil mellom anna vere:
- erfaring med å drive sjølvstendig næringsdrivande praksis
- erfaring og praksis, medrekna erfaring som spesialist
- eigenskapar for heimelen (medrekna løysingsorientert, serviceinnstilt, tydeleg relasjonsbygger i team og evne til å sikre god flyt i kvardagen)  
- innretning av praksis
- samarbeid med andre

Arbeidsoppgåver

Praksis skal drivast i samsvar med den til kvar tid gjeldane rammeavtale mellom Helse Vest og Den norske legeforening. 

Avtalespesialisten skal bidra til å oppfylle "sørge for" -ansvaret til Helse Vest. Det inneber mellom anna at avtalespesialisten foretar undersøkingar, diagnostikk og behandling i medhald av regionale og nasjonale mål og prioriteringar og lovgiving, jf. punkt 4.1 i rammeavtalen. 
Avtalespesialisten skal ha eit nært fagleg og forpliktande samarbeid med Helse Stavanger HF om oppgåvefordeling og for å sikre rett prioritering og gode pasientforløp. Det blir forventa at avtalespesialisten også tar imot pasientar som vert tilvist frå Helse Stavanger HF. Dette vil bli regulert nærare i den individuelle driftsavtalen. Avtalepraksisen skal i samarbeid med Helse Stavanger HF også innrettast i tråd med utviklinga i faget og korleis behovet i befolkninga utviklar seg. 

Spørsmål om praksisen kan rettast til Kaare Vigander, tlf.: 99 09 39 39. PS! Send sms om kva det gjeld så ringer han opp igjen. 

Vi tilbyr

Spesialisten som overtek skal drive primært med oftalmomedisinsk praksis, inkludert SLT og YAG-laser, i noverande lokale i MagasinBlaa i Stavanger sentrum. Det vil ikkje blitt gitt moglegheit for operativ (grå stær) augelegeteneste.  

Plassering i driftstilskotsklasse vil bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuell søkjar basert på utgifter til lokalar, utstyr og naudsynt hjelpepersonell. 

Driftstilskotet utgjer eit årleg beløp p.t. mellom kr. 1 210 000 (klasse 1) til kr. 1 801 000 (klasse 3). 

Andre vilkår, rammer og føringar knytt til drift av praksis vil også bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuell søkjar før det vert gitt tilbod om avtaleheimelen. 

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Avtalespesialist
Arbeidsgiver
Helse Vest RHF
Kontaktperson
Navn: Torleiv Bergland
Tittel: Rådgiver
Telefon: 415 33 822
Hjemmeside
Arbeidssted
Helse Vest RHF
Knud Holms gate 8
4005 Stavanger
Søk på stillingen