Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Om arbeidsstaden
Kommunestyret har vedteke å opprette eit nytt legekontor for næringsdrivande i solopraksis i Bekkjarvik sør i kommunen. Det var tidlegare eit kommunalt legekontor på staden fram til 2017. 

Kommunestyret har vedteke at det skal opprettast som ein 0-heimel. 

Legekontoret skal opprettast i eit lokale ved kjøpesenteret Bekkjarvik Torg. Utleigar har lokale og utstyr som skal nyttast. Leigeavtale, bustad og utstyr er ikkje kommunen vedkomande, og er ein avtale mellom næringsdrivande lege og utleigar. Kommunen har ikkje ansvar for eventuelle tilsette på legekontoret. 

Om stillinga
Kommunen opnar for å vurdere ulike organisasjonsformer ved legekontoret, til dømes deleliste og/eller rotasjonsordning (Nordsjøturnus). Det er viktig at søkjarar beskriv kva organisasjonsform dei vil nytte, korleis dei vil drifte kontoret og korleis dei vil stette kravet til spesialitet i allmennmedisin. 

Fastlegen vil ha pliktig deltaking i daglegevakt, og i kommunal legevakt utanom arbeidstid p.t. 7-delt legevakt som næringsdrivande etter vaktklasse 1. Det må påreknast inntil 20% andre offentlege oppgåver, jamfør fastlegeforskrifta. Fastlegen må oppgi styrings- og kvalitetsdata til kommunen, jamfør fastlegeforskrifta §19. 

Personlege eigenskapar blir vektlagt. Vi søker person som har langsiktig motivasjon for å bygge opp eit godt fungerande fastlegetilbod i Bekkjarvik. Du har eit heilskapleg syn på fastlegetenesta si rolle i primærhelsetenesta, og vektlegg tverrfagleg samarbeid med kommunale helse- og omsorgstenester. 


Formelle kvalifikasjonskrav
  • Formelle kvalifikasjonskrav 
  • Norsk autorisasjon som lege 
  • Som hovudregel skal legen ha gyldig spesialitet i allmennmedisin. Kommunen kan vurdere kravet om spesialisering om val av organisasjonsform stettar krav til forsvarlegheit. 
  • Har gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg 
  • Førarkort klasse B 
  • Plettfri vandel, framvising av politiattest ved tilsetting og det blir undersøkt om autorisasjonsstatus og tilsynssaker 
  • Oppgi referansar i søknaden 
Personlege eigenskapar
  • Du er triveleg og engasjert 
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevne 
  • Brenn for allmennmedisinfaget og pasientane 
  • Du er løysingsorientert og pliktoppfyllande 
  • Gode fagkunnskapar og ferdigheiter 
  • Interesse for legevakt og akuttmedisin 
Vi tilbyr
Avtale som næringsdrivande lege som følger vilkåra i ASA 4310. Heimelshavar har sjølv ansvar for å sørge for kollegial fråværsdekning. Listestorleik inntil 1000 pasientar, lågare listetak kan avtalast. Sidan heimelen er ei 0-liste er den kostnadsfri å erverve. 

Slik søker du
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege
Arbeidsgiver
Austevoll kommune
Kontaktperson
Navn: Gro Reinertsen
Tittel: Partner, Mercuri Urval
Telefon: +47 975 59 058
E-post: gro.reinertsen@mercuriurval.com
Arbeidssted
Birkelandsvegen 2
5392 STOREBØ
Søk på stillingen