Kort om arbeidsgiver
Ørsta kommune har om lag 11 000 innbyggjarar. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og eit rikt næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen. Vi har eit rikt kulturliv og flotte moglegheiter til variert frilufstliv, frå varierte turar i Sunnmørsalpane til havet ytst på Søre Sunnmøre.
Ved Ørsta helsesenter er det ledig fastlegeheimel med listetak på 650, som kan aukast om ønskeleg. Heimelen er ledig frå 01.12.26, eller tidlegare etter avtale.
Ørsta helsesenter er eit aksjedrive praksisfellesskap som har samarbeidsavtale med kommunen og der legane er næringsdrivande. Vi held til i nye, moderne lokale i Ørsta sentrum. Det er eit godt fagleg og sosialt miljø ved legesenteret, med fast møtestruktur for fagleg utvikling. Andre kommunale helsetenester er lokalisert i same bygg.
Legesenteret har 15 fastlegeheimlar og to stillingar for LIS 1. Det er mange erfarne legar på legesenteret som har jobba her lenge, noko som har gitt eit godt og stabilt miljø. Det same gjeld hjelpepersonellet. Alle legane er spesialistar i allmennmedisin, eller dei er i slik spesialisering. Dersom det er aktuelt for deg, vil du få tilbod om ALIS-avtale.
Tildeling og overdraging av heimelen skjer i samsvar med pkt. 5.5 og 5.6 i ASA 4310 -
Rammeavtale mellom KS og Den norske legeforening om allmennlegepraksis i fast legeordningen i kommunene.
Vilkår for drift av praksisen går fram av sentrale lover, forskrifter og avtalar som regulerer fastlegeordninga. Vi ønsker at du skal vere næringsdrivande fastlege, men dersom du er ALIS-lege, kan du vere fastlønna i inntil to år av ALIS-løpet (dei to første åra).
Per i dag er det ikkje knytt kommunale allmennlegeoppgåver til heimelen. Legesenteret har både LIS1- og ALIS-legar og du må rekne med å delta i rettleiing og supervisjon av desse. Du må også rekne med å kunne få andre oppgåver dersom kommunen ser behov for det.
Kommunen har eigne sjukeheims- og helsestasjonslegar, og vi har kommuneoverlege i 100 % stilling
Legevakt på dagtid (8.00-15.30) er organisert på legesenteret. Utanfor vanleg opningstid er legevakt lokalisert i nye, gode lokale i Hovdebygda. Søre Sunnmøre legevakt er eit interkommunalt legevaktssamarbeid, der det alltid er sjukepleiar på jobb saman med legevaktslege. Legevakta har også eigen legevaktsbil med ambulansearbeidar, som gjer legevaktsarbeidet meir mobilt. På legevakt er legane fastløna. Det er mange legar som deler på vaktene, så vaktbelastninga er ikkje stor.