
Ortopedisk avdeling ved Førde sentralsjukehus søkjer LIS3 til årsvikariat, med moglegheit for forlenging.
Om avdelinga
Det er god breidde i det ortopediske tilbodet i Helse Førde, med fast tilsette overlegar innan alle fagfelta. Avdelinga har aktivitet ved sjukehusa i Førde, Lærdal og Eid.
Fast arbeidsstad for LIS3 er Førde sentralsjukehus.
Ved Lærdal sjukehus har vi skadepoliklinikk man-fred på dagtid. På Nordfjord sjukehus har vi dagkirurgi og skadepoliklinikk.
Førde sentralsjukehus har tilbod innan følgjande område:
Avdelinga i Førde har sju LIS3 stillingar og ni LIS1 stillingar. Vi har 7 døgns post i Førde.
Om regionen
Førde Sentralsjukehus ligg sentralt til i Sunnfjord kommune, omgitt av storslått natur med gode moglegheiter for friluftsliv året rundt. Regionen byr på eit aktivt kultur- og idrettsmiljø, treningssenter og eit variert fritidstilbod. Førde har gode kommunikasjonar til både Bergen og Oslo, og alle nødvendige tenester og fasilitetar er lett tilgjengelege i nærleiken. Sjekk elles ut kommunen vår på: Sunnfjord kommune.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.