Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

100 % avtaleheimel for godkjend spesialist i klinisk vaksenpsykologi er ledig omgåande. 

Sentrale moment i vurdering av søkjarane vil mellom anna vere:

  • erfaring med å drive sjølvstendig næringsdrivande praksis
  • erfaring og praksis, med vekt på erfaring som spesialist. Erfaring frå arbeid med vaksne vil bli tillagt vekt
  • evne til å gjennomføre målretta og avgrensa pasientforløp i tråd med mandatet til spesialisthelsetenesta
  • samla kompetanse i noverande avtalespesialistgruppe og lokal DPS med omsyn til vidareutdanning innan ulike terapiretningar vil kunne vektleggast i prioritering av søkjarar
  • personlege eigenskapar
  • samarbeid med andre
  • innretning av praksis

Arbeidsoppgåver

Praksis skal drivast i samsvar med den til kvar tid gjeldande rammeavtale mellom Helse Vest og Norsk psykologforening. 

Avtalespesialisten skal bidra til å oppfylle ”sørge for” -ansvaret til Helse Vest. Det inneber mellom anna at avtalespesialisten foretar undersøkingar, diagnostikk og behandling i medhald av regionale og nasjonale mål og prioriteringar og lovgiving, jf. punkt 4.1 i rammeavtalen. Avtalespesialisten skal inngå samarbeidsavtale med Helse Bergen ved Bjørgvin DPS. Det er etablert ei ordning der alle tilvisingar av pasientar til psykisk helsevern skal sendast til tilvisingsmottak ved helseføretaket ("ein-veg-inn"). Avtalespesialisten mottar pasientar frå Bjørgvin DPS. 

Vi tilbyr

Det vil i den individuelle driftsavtalen bli fastsett eit minstekrav til inntak av nye pasientar kvar månad. 

Andre vilkår, rammer og føringar knytt til drift av praksis vil også bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuell søkjar før det vert gitt tilbod om avtaleheimelen. 
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Avtalespesialist
Arbeidsgiver
Helse Vest RHF
Kontaktperson
Navn: Torleiv Bergland
Tittel: Rådgiver
Telefon: 415 33 822
Hjemmeside
Arbeidssted
Helse Vest RHF
Knud Holms gate 8
4005 Stavanger
Søk på stillingen