
Giske kommune har ledig fastlegevikariat med listestorleiek 625. Oppstart 1.9.2026.
Kommunen søker tilskott frå Helsedirektoratet for midlar til ALIS-avtale som vil kompensere utgifter og tapte inntekter knytt til spesialisering for LIS3.
Praksis ved Giske kommunale legesenter, lokalisert på Valderøya. Gruppepraksis med 11 fastlegar og ein LIS1. Senteret er velorganisert og har fokus på godt arbeidsmiljø og samarbeid. Det er tilsett avdelingsleiar med ansvar for alt administrativt. Stabilt og velfungerande hjelpepersonell. Journalsystemet er Infodoc Plenario.
Fastlegevikaren arbeider som sjølvstendig næringsdrivande. Legesenteret blir drifta av Giske kommune. Legen inngår avtale om økonomisk samarbeid (8.2-avtale) med kommunen.
Det er ikkje knytt kommunal deltidsstilling til fastlegeheimelen per i dag, men det kan bli aktuelt med 10 % stilling som tilsynslege på sjukeheim.
Deltaking i 10-delt legevakt kveld og helg ved Giske legevakt. Deltaking i interkommunal nattlegevakt i Ålesund med minimum 5 nattevakter i året.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Andre opplysningar: