Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Om stillinga
Vi søkjer deg som ønskjer å arbeide som lege ved Nordhordland legevakt i fast "nordsjø" turnus på kveld/natt. Det er tre legar som roterer i ein 3.vekers turnus. Vaktene vil være nattevakter, og du arbeider 7 vakter med kveld og natt per arbeidsperiode. I etterkant av arbeidsveka di har du 14 dagars arbeidsfri. 

Stillingsprosent vil vera 80% i planlagt vaktoppsett, men vi tilrettelegg for 90% der 10% blir for oppdatering og kurs i frivekene. Vi kan også tilby ALIS avtale i kommunen. 

Du jobbar sjølvstendig, eller saman med ein annan legekollega, og du inngår i eit team av dyktige legar og sjukepleiarar. Du har vakt i lokala til NHLV, og rykker ut til hendingar der det er behov.

Dersom du ikkje bur nærme nok til å dagpendle til Alver kommune, stiller vi med bustad når du er i vaktperiodane dine. Du vil også få dekka køyregodtgjersle eller reise etter avtale til/frå når du kjem reisande til vaktperioden din. 

Om Nordhordland legevakt
Nordhordland legevakt (NHLV) er organisert som ei av tre avdelingar under tenesteområde lege- og rehabilitering. Nordhordland legevakt er lokalisert i moderne lokaler på Helsehuset i Knarvik. På dagtid er legevakta for Alver kommune. På kveld, natt og helg er legevakta interkommunal for 7 kommunar. Innbyggjertalet i vaktdistriktet er om lag 46 000. Det er 2 legar på vakt og 2- 4 sjukepleiare, avhengig av tidspunkt på døgnet. 

Nordhordland legevakt har om lag 24 årsverk i faste stillingar. Legearbeidet blir utført av fastlegar og legar med hovedstilling andre stader i eller utanfor kommunane. Gjennom eit år er om lag 100 medarbeidarar knytt til legevakta. Legevaktsentralen er bemanna av sjukepleiarar.

Arbeidsoppgåver
  • Undersøke, vurdere og behandle pasientar som oppsøkjer legevakta
  • Ivareta funksjon som vaktlege kobla til nødnett
  • Bidra til god samhandling mellom øvrig personell, fastlegar, ambulanse og andre aktørar
Kvalifikasjonskrav 
  • Autorisasjon som lege
  • Gjennomført LIS1 - teneste
  • Erfaring frå legevakt og kommunale helsetenester, eller anna relevant erfaring
  • Du er vaktkompetent, eller er villig til å bli det
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B
    Dersom du har gjennomført akuttmedisinkurs og er vaktkompetent er dette eit føremon
Kven er du?
  • Har gode kommunikasjonsevner med både pasientar og kollegaer
  • Er løysingsorientert og kan snu deg raskt i ein spennande og hektisk arbeidskvardag
  • Er robust og kan tåle skiftet mellom dei akutte situasjonane, og dei meir vanlege konsultasjonar 
  • Er tålmodig, og har evnen til å prioritere arbeidsoppgåver 
  • Du er ansvarleg, og er ryddig i forhold til pasienthåndtering
Dei personleg eigenskapar ovanfor vil bli lagt vekt på.

Me tilbyr
  • Stor grad av variasjon og sjølvstende i arbeidet
  • Eit svært kompetent og breitt fagmiljø i Helsehuset
  • Løn etter avtale
  • Gratis parkering
  • Dekka køyregodtgjersle, eller reise etter avtale, til/frå vaktperiode
  • Bustad i vaktperiodane, dersom du ikkje bur nærme nok til å dagpendle
  • Arbeid i turnus 7 dager på, 14 dager av
  • Gode forsikrings- og pensjonsordninger i KLP
Politiattest 
I tråd med helse- og omsorgstenestelova §5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Kommunal lege
Arbeidsgiver
Alver kommune
Kontaktperson
Navn: Grethe Helen Valdersnes
Tittel: Leiar
Telefon: +47 97592151
E-post: grethe.helen.valdersnes@alver.kommune.no
Arbeidssted
Kvassnesvegen 40
5914 ISDALSTØ
Søk på stillingen