Kort om arbeidsgiver
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein ideell organisasjon som har driftsavtale med Helse Vest RHF. Vi har omlag 75 årsverk, av desse er 3,0 legestillingar. Det kjem årleg kring 1000 pasientar til behandling individuelt eller på gruppe, fordelt på ni ulike ytingar; kreft, nevrologiske og nevromuskulære sjukdomar, hjerneslag og erverva hjerneskade, sanseforstyrringar, samansette og komplekse tilstander, sjukeleg overvekt, kroniske muskel- og bløtdelssmerter og arbeidsretta behandling. I tillegg har vi gruppetilbod for barn og unge innan ytinga tilpassa fysisk aktivitet, familie og utdanning.?
?
Institusjonen har gode fasilitetar for varierte aktivitetar både inne og ute. Vi ligg ved fjorden, omkransa av fjell og flott natur. Det er mange turløyper for ulike funksjonsnivå i området, som er ideelt som utgangspunkt for både aktivitet og avkopling.?
?
Vi ligg i Flekke i Fjaler kommune, ein tettstad med nærheit til barnehage, skule, samt vidaregåande. Det tek ca. 45 minutt med bil til næraste flyplass og du kan vere i Oslo etter 1 time i fly. Om du ønsker å køyre til Bergen, tek dette om lag 3 timar. Helgependling er mogleg.?
Vil du bruke kompetansen din til å gjere ein forskjell – og samtidig leve tett på naturen?
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter søkjer ein engasjert legespesialist som vil vere med på å gjere ein reell forskjell – i eit fagmiljø der vi ser mennesket bak diagnosen, og der ressursar og meistring står i sentrum.
Eit fagmiljø med ressursfokus og meistring i sentrum
Vi er overtydde om at alle menneske har ressursar – sjølv etter skade eller sjukdom. I vår behandling er det desse ressursane vi vel å fokusere på. Vi jobbar intensivt og tverrfagleg, og er ein del av spesialisthelsetenesta. Som lege hos oss blir du ein nøkkelperson i eit breitt fagmiljø med høg kompetanse og eit felles mål: å gi pasientane betre livskvalitet og meistring i kvardagen.
Du samarbeider tett med spesialistar innan fysikalsk medisin og rehabilitering, psykiatri, sjukepleie, fysioterapi, ergoterapi, arbeidsretta tiltak, ernæring, idrettspedagogikk, logopedi og miljøterapi. Du bidreg med din spisskompetanse i klinisk praksis og tverrfaglege vurderingar – og får vere med på systematisk fagutvikling.
Vi har etablert samarbeid med fysikalsk medisinsk avdeling ved Nordås i Helse Bergen, og våre legar deltek jamleg i internundervisning saman med legar der. I tillegg har vi strukturert internundervisning, kvalitetsutvikling og ei eiga forskingsavdeling med moglegheit for deltaking i forskingsprosjekt. Du får også gode høve til kurs, vidareutdanning og hospitering ved andre institusjonar.
Arbeidsoppgåver
· Klinisk arbeid og tverrfagleg samarbeid
· Medisinske vurderingar og journalføring
· Undervisning og rettleiing
· Moglegheit for forsking og utviklingsarbeid
· Aktiv deltaking i innandørs og utandørs aktivitetar
Kvalifikasjonar
· Norsk autorisasjon som lege
· Spesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering, nevrologi eller anna relevant spesialitet
· Legar i spesialisering (LIS) og kandidatar med relevant erfaring vil også bli vurderte
· Interesse for rehabilitering og tverrfagleg arbeid
· Gode norskferdigheiter (minimum C1)
· God IKT-kompetanse
Det vil bli stilt krav om framlegging av politiattest forut for tiltreding i stillinga jfr. Helsepersonelloven § 20a
Personlege eigenskapar
· Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
· Engasjement for samhandling og kompetansedeling
· Blikk for ressursar og evne til å motivere og gjennomføre funksjonsvurderingar
Vi tilbyr
· Familievennleg dagstilling, utan vakter eller helgearbeid
· God fleksibilitet i arbeidskvardagen, med moglegheit for individuelle tilpassingar
· Eit sterkt fagmiljø med tett tverrfagleg samarbeid og regelmessig internundervisning
· Gode moglegheiter for fagleg utvikling: kurs, vidareutdanning, hospitering og forsking
· Konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar
· Hjelp til bustad og gode velferdstilbod
· Ein jobb med meining – i naturskjønne omgjevnader
Oppstart: 1. november 2026 eller etter avtale
Søknadsfrist 10.07.2026
Kontaktperson: Klinikkleiar Marte Ulltang tlf.995 07 591
Søknad sendast til: ledigstilling@rkhr.no