Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vil du bli psykiater?

Er du oppteken av å gi gode tenester til pasientar med psykiske lidingar? Då kan dette vere stillinga for deg.

Ved Haugaland DPS får du ein variert og lærerik praksis innan psykisk helsevern. Gjennom spesialiseringsløpet blir du ein del av eit fagmiljø der du får erfaring med postarbeid, poliklinisk arbeid, vaktordning, ambulant verksemd og samarbeid mellom psykisk helsevern og somatikk.

I Helse Fonna kan vi tilby eit spesialiseringsløp som dekkjer alle praksiskrav for å bli spesialist i psykiatri, både når det gjeld tenestestader og rettleiing.

Lege i spesialisering blir tilsett i fast stilling gjennom heile utdanningsløpet, og går over til fast overlegestilling når spesialiseringa er fullført.

Fagmiljøet vårt er robust og innovativt. Fleire av kollegaene våre har formell forskarkompetanse og bidreg i utviklinga av nye behandlingstilbod.

Vi kan tilby deg eit komplett spesialiseringsløp lokalt. Spesialiseringsløpet har ein struktur med felles undervisning på tvers av sjukehus og DPS i Helse Fonna, og dette undervisningsopplegget har fått gode tilbakemeldingar.

Vi har også undervisning lokalt kvar veke, tilpassa dei lokale læringsmåla. Vi er opptekne av å skape eit godt læringsmiljø der du får utvikle deg fagleg gjennom heile spesialiseringsløpet.

🗺️Litt om Haugesund
Haugesund ligg sentralt plassert på Vestlandet, med kort veg til vakre naturopplevingar både på havet og i fjellet. Regionen har eit sterkt næringsliv, mellom anna innan maritim verksemd, og her finn du både gründerar, statlege verksemder og Høgskulen på Vestlandet med campus i Haugesund og på Stord. Vi har kort veg til Bergen og Stavanger, og lokal flyplass med daglege avgangar til inn- og utland.

👉 Har du spørsmål om stillinga eller spesialiseringsløpet hos oss? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat. Vi fortel deg gjerne meir om fagmiljøet, utdanningsløpet og kvardagen ved Haugaland DPS. Vi håpar å høyre frå deg!

Intervju kan gjennomføras fortløpande i utlysningsperioden.

Arbeidsoppgåver

Som lege i spesialisering hos oss vil du mellom anna:

  • Ha arbeidsoppgåver på post, poliklinisk arbeid og delta i vaktordning

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • er oppteken av god pasientbehandling
  • kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • trivst med å jobbe i team
  • arbeider strukturert og tek ansvar i eigen læringsprosess
  • er fagleg nysgjerrig og ønskjer å utvikle deg innan psykiatri

Personlige eigenskapar vil bli vektlagd. 

Vi tilbyr

Hos oss får du:

  • fast tilsetjing gjennom heile utdanningsløpet
  • overgang til fast overlegestilling når spesialiseringa er fullført
  • rettleiing og undervisning gjennom heile spesialiseringsløpet
  • felles undervisning på tvers av sjukehus og DPS i Helse Fonna
  • kollegaer med formell forskarkompetanse og erfaring frå utvikling av nye behandlingstilbod
  • ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • eit godt læringsmiljø der vi legg vekt på fagleg og personleg

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktperson
Navn: Håvard Wester Breistein
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: +47 93241877
E-post: havard.wester.breistein@helse-fonna.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Haugaland DPS
Floravegen 75
5535 HAUGESUND
Søk på stillingen