
Psykiatrisk akuttmottak (PAM), i dag lokalisert på Sandviken, er ei av fem avdelingar i Psykiatrisk klinikk. Divisjon Psykisk helsevern. Psykiatrisk klinikk er i stadig utvikling og har som ambisjon å vere eit fyrtårn
innan psykisk helsevern. Kvalitet i behandling og pasienttryggleik, og eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø
er sentralt i arbeidet vårt.
PAM har øyeblikkelig hjelp-ansvar for sjukehusfunksjon innan psykisk helsevern for vaksne i heile
opptaksområdet til Helse Bergen. Tilbodet i PAM består i dag av to sengepostar med 10 senger kvar som
tilbyr akutt psykiatrisk vurdering, diagnostisering, behandling og pleie til personar over 18 år.
Opphald i PAM er av kort varigheit, pasientar blir etter endt opphald overført til andre sjukehusavdelingar
eller utskriven med oppfølging frå eit distriktspsykiatrisk senter eller frå kommunehelsetenesta. Psykiatrisk klinikk har lagt til rette for samarbeid og faglege drøftingar. Det er høg kompetanse ved klinikken og fleire av dei tilsette har ulike vidareutdanningar. Det er regelmessig internundervising, faste faglege forum/spesialistforum der faglege problemstillingar og pasientforløp blir drøfta.
PAM er i ei spennande utvikling med planar for etablering av eit felles mottak for psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) i Årstadhuset på Haukeland i 2030.
Vi har no ledig 100% fast stilling som overlege/spesialist i psykiatri ved PAM. Du vil jobbe tett i tverrfaglege team saman
med andre overleger, psykologspesialist, lege i spesialisering, psykiatrisk sjukepleiar, vernepleiar og sosionom. Aktuelle kandidatar må ha vedtakskompetanse etter psykisk helsevernloven og personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.