Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

100 % avtaleheimel for godkjend spesialist i vaksenpsykiatri er ledig frå 01.01.2027, eller etter avtale.

Sentrale moment i vurdering av søkjarane vil mellom anna vere:

  • erfaring med å drive sjølvstendig næringsdrivande praksis
  • erfaring og praksis, med vekt på erfaring som spesialist
  • personlege eigenskapar
  • innretning av praksis
  • samarbeid med andre

Arbeidsoppgåver

Praksisen skal drivast i samsvar med den til kvar tid gjeldande rammeavtale mellom Helse Vest og Den norske legeforening.

Avtalespesialisten skal bidra til å oppfylle "sørge for" -ansvaret til Helse Vest. Det inneber mellom anna at avtalespesialisten foretar undersøkingar, diagnostikk og behandling i medhald av regionale og nasjonale mål og prioriteringar og lovgiving, jf. punkt 4.1 i rammeavtalen.

Avtalespesialisten skal inngå samarbeidsavtale med Helse Fonna. Det er etablert ei ordning der alle tilvisingar av pasientar til psykisk helsevern skal sendast til tilvisingsmottak ved helseføretaket ("ein-veg-inn"). Avtalespesialistane mottar pasientar frå helseføretaket.

Det vil i den individuelle driftsavtalen bli fastsett eit minstekrav til inntak av nye pasientar kvar månad.

Plassering i driftstilskotsklasse vil bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuell søkjar basert på utgifter til lokalar, utstyr og naudsynt hjelpepersonell.

Spørsmål om praksisen kan rettast til Bjørn E. Brekke, tlf.: 913 01 950.

Vi tilbyr

Driftstilskotet utgjer eit årleg beløp p.t. mellom kr. 1 175 000 (klasse 1) til kr. 1 750 000 (klasse 3).

Andre vilkår, rammer og føringar knytt til drift av praksis vil også bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuell søkjar før det vert gitt tilbod om avtaleheimelen.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Avtalespesialist
Arbeidsgiver
Helse Vest RHF
Kontaktperson
Navn: Torleiv Bergland
Tittel: Rådgiver
Telefon: 415 33 822
Hjemmeside
Arbeidssted
Helse Vest RHF
Knud Holms gate 8
4005 Stavanger
Søk på stillingen