
Ved Avdeling fysikalsk medisin og rehabilitering har vi ledig 100% fast stilling som overlege. Vi ønsker å styrke laget vårt med ein overlege innan ein av følgande spesialiteter; indremedisinske spesialitetar, nevrologi, allmennmedisin eller fysikalsk medisin og rehabilitering.
Vi er ein spennande arbeidsplass, med engasjerte og kompetente medarbeidarar, og ønsker ny overlege med i vidaretviklinge av gode tenester. Du får eit variert arbeidsområde med faglege utfordringar.
ReHabiliteringsklinikken greier ut og behandlar menneske med medfødde og erverva skadar, slik at dei kan oppleve meistring, livskvalitet og betra funksjonsnivå i kvardagen. Her samarbeider mange helseprofesjonar. Vi arbeider tverrfagleg med komplekse medisinske problemstillingar.
Klinikken består av Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR), Habiliteringstenesta for vaksne (HAVO) og Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering. Klinikken gir spesialiserte tilbod og tenester til mennesker med komplekse og samansette behov for utgreiing, vurdering og rehabilitering/habilitering i sjukehus. Tilbodet omfattar døgnbehandling, dagbehandling og poliklinikk. Vi har fleire regionale funksjonar og ein nasjonal funksjon, og er tyngdepunktet for spesialisert habilitering og rehabilitering for vaksne i Helse Vest. Vi samarbeider tett med ulike einingar i spesialisthelstenesta inkludert psykisk helsevern, og førstelinjetenesta.
Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering held til på Nordås. Vi gir spesialisert rehabiliteringstilbod til pasientar med erverva hjerneskade, multitraume, nevrologiske lidingar, kreft, brannskade, amputasjonar, funksjonelle nevrologiske lidingar, CFS/ME, muskel- og skjelettplager/-smerter m.a. Vi har for tida 15 legar, inkludert LIS.
Klinikken er i ei spennande utviklingsfase med pågåande og planlagde utviklings- og endringsprosessar, m.a. knytt til nybygg og samlokalisering på Nordås i 2028
Vi oppmoder alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.