Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Valen sjukehus er ein tradisjonsrik instutisjon - sidan 1910, og har heile tida framstått moderne i si samtid med hensyn på humanistisk tilnærming og når det gjeld å ta i bruk nye behandlingsformer.

Er du ein som set pris på eit trygt og godt arbeidsmiljø, trivst med varierte arbeidsoppgåver og har interesse for fagutvikling og forsking? Då kan Valen sjukehus vere rett stad for deg.

Hos oss finn du fire døgnpostar og ein poliklinikk; Akuttpost, Psykosepost, Sikkerhetspost, Sikker/rehabilitering og eit Fact sikkerhetsteam. Faggruppa omfattar overlege med spesialitet i psykiatri, psykologspesialist , Lis.lege, sosionom,  sjukepleiarar/psykiatriske sjukepleiarar, aktivitør og miljøpersonell. 

Valen sjukehus er godkjent for 2 år som spesialiseringsløp for legar og har ledig stillingar for LIS 3.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar med ulike psykiske lidingar i samarbeid med overlege på den aktuelle posten
  • Vere ein del av det tverrfaglege behandlingsteamet på posten
  • Medikamentell behandling
  • Delta i vaktordning for legar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege.
  • Har gjennomført LIS1 teneste eller tilsvarande.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du

  • er strukturert
  • har gode kommunikasjonseevner
  • er oppteken av god pasientbehandling
  • samarbeider godt i team

Vi ser etter fagleg sterke kollegaer som bidreg med engasjement, pålitelegheit og eit godt lagspel – og som vil vere med å utvikle fagmiljøet vårt vidare.

Vi tilbyr

Eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø med gode mogleheiter til å få bruke seg sjølv fagleg gjennom varierte og utfordrande kliniske problemstillingar.

Helse Fonna ynskjer å legge til rette for høg fagleg standard og  kompetanseutvikling  for den enkelte tilsette.

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Valen sjukehus ligg i vakker vestlandsnatur med fjell, fjord og fonn i nærleiken.
Dersom dine fritidsinteresser rettar seg meir mot det kulturelle, har kommunen eit aktivt kulturtilbod. Rosendal med baroniet ligg 30 minuttar unna med bil. Regionssenteret Husnes med kino, kjøpesenter og skule -og idrettsenter er ein 10 minutt kjøretur unna. Kommunen er også kjent som ein ein aktiv festivalkommune.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktperson
Navn: Marianne Lund Anderssen
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: +47 53466407
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Avdeling psykisk helsevern Valen sjukehus
Sjukehusvegen 15
5451 Valen
Søk på stillingen