Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Lege i spesialisering (LIS2/3) - Augeavdelinga, Førde sentralsjukehus

Augeavdelinga ved Førde sentralsjukehus har ledig eit seks månaders vikariat som Lege i spesialisering, med moglegheit for forlenging. 
Oppstart snarast, eller etter nærare avtale.

Om avdelinga:
Augeavdelinga har ni legestillingar, der fire er LIS-stilingar, i tillegg til optikarar og sjukepleiarar. Vi har høg poliklinisk aktivitet i alle delar av augefaget, ein god utstyrspark og høg høg kirurgisk aktivitet. Avdelinga har engasjerte og dyktige medarbeidarar, og eit godt arbeidsmiljø. 

Vil du vite meir om Helse Førde? Les her.

Arbeidsoppgåver

  • Stillinga inneber arbeid som LIS 2/3 ved augeavdeling/poliklinikk
  • Poliklinikken har eige operasjonsavsnitt med 2 operasjonsstover. Her vert all kirurgi innan augefaget i Helse Førde utført
  • I tillegg er det vanleg oftalmologisk poliklinisk aktivitet
  • Ein vil måtte ta del i vaktordning p.t. 4-delt heimevakt

Kvalifikasjonar

  • Vi ønskjer søkjar med erfaring i oftalmologi
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
  • Utdanningsretning: Medisin
  • Utdanningsnivå: Høgskule/universitet, hovudfag/mastergrad 

Personlege eigenskapar

  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktperson
Navn: Andreas Dahl
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: (+47) 991 03 573
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Augeavdeling, Helse Førde
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Søk på stillingen